Eg har tidligare blogga om favorittjuleplata mi, Anne Sofie von Otters fantastiske Home for Christmas. Men på ein veldig god andreplass kjem Christmas With The New Black Eagle Jazz Band, ei herlig juleplate med musikk i New Orleans-stil.
Mark Riedesel har gjort det igjen! I år som i fjor, som i åra før, har han laga eit nytt, flott julebakgrunnsbilde med Tux, for alle oss Linux-entusiastar.
På Wikipedia og Wikimedia Commons kan me kvar dag lasta ned dagens bilde, som ofte eignar seg som flotte bakgrunnsbilde på skrivebordet. Eg har laga eit lite skript for automatisk nedlasting av desse bilda.
Den søte pingvinen Tux er på jakt etter eit skikkeleg måltid mat, og han treng di hjelp. Samtidig som du speler, får du god trening i å bruka tastaturet. Ungar kan få den grunnleggande innføringa i kor tastane ligg, og vaksne kan læra seg å skriva fortare.
Når du har laga eit dokument som skal leggast ut på veven, vil du nok at dette skal vera tilgjengelig for flest mulig. Heldigvis
er XHTML utvikla for å gjera nettopp dette mulig. Faktisk kan sidene dine vera tilgjengelige for alle, sjølv for blinde!
Musa er av dei mest brukte inneiningane for datamaskiner. Men denne gnagaren har ein interessant slektning, styrekula. I
denne artikkelen fortel eg om mine erfaringar med ei Logitech TrackMan Marble+-styrekula – ei styrekula eg til slutt vart svært glad i.
Ein hører gjerne folk uttala at noko vert «prikken over i-en», eller at ein har «gløymt Ã¥ setta prikken over i-en». Dette kan oppfattast som feil, og her er grunnen.
Ein av fordelane med XHTML, er at det er eit strukturbasert språk. Dette muliggjer presentasjon av innhaldet på fleire måtar, på vanlige nettlesarar, men òg på avanserte mobiltelefonar
og programvare basert på talesyntese. Denne artikkelen gjev ei kort innføring i skiljet mellom struktur/semantikk og presentasjon i denne samanhegen,
og avsluttar med eit detaljert eksempel.
Ein vanlig feil når det gjeld teiknsetting i norsk skrift er bruk av bindestrek i staden for tankestrek. Tankestreken har
ein annan utsjånad og funksjon enn bindestreken, men likevel vert dei to ofte forveksla. I denne artikkelen vert utsjånad,
bruk og tekniske problemstillingar diskutert.
Den 3. juni var eg på konsert med Visekongene, og fekk då den store gleda og overraskinga av å bli framført ein (noko improvisert) song om! Hør songen, last ned andre og få eit lite konserttips til laurdagskvelden.
Endelig er det tid for forskingsdagane igjen! Gjennom over 1000 arrangement vert forskinga tatt ut av institusjonane og presentert til oss «vanlige folk».
Det er snart val, og tid for folket å velja kven som skal styra landet. Men kva meiner eigentlig «folket»? Det er langt frå alltid like lett å finna ut av. Det er faktisk ikkje so enkelt å definera eingong.
Endelig er det klart for den britiske krimserien Dalziel og Pascoe på norske skjermar. NRK sender serien i detektimen tre fredagar framover, og forhåpentligvis endå meir seinare, dersom serien vert ein suksess. Og noko anna ein suksess vil vera merkelig!
Det er lett å skriva nettsider som ikkje er syntaktisk korrekte, og som nettlesarar (og søkemotorar) derfor kan få problem med å tolka rett. Til hjelp kan me bruka sokalla HTML-validatorar, men dei er langt frå so nyttige og gode som ein kanskje har inntrykk av. Men no finst det endelig eit godt alternativ!
Vising av skrift på dataskjermar er problematisk. I små skriftstorleikar vert nemlig teksten gjerne stygg og vanskelig å lesa. Heldigvis finst det ei god og mykje brukt løysing på problemet: hinting. Men kva er no hinting for noko?
Ei seroppgåva om Amalie Skram og naturalismen, skriven når eg gjekk på ungdomsskulen. Oppgåva er no tilgjengelig i forbetra språkdrakt, og i fine utskriftsversjonar. Og originalutgåva finst her òg.
Apache er ein av dei mest brukte og beste vevtenarane. Ved hjelp av ei lita tekstfil kan du vidaresenda brukarar og søkemotorar
som besøker ei (flytta/utdatert) adressa til ei anna. Denne artikkelen viser korleis.
Teikningar og tekst på datamaskiner vert lett «kantete» og stygge, grunna låg oppløysing. Løysinga er kantutjamning. Her er ei kort forklaring på korleis dette fungerer.
Lenkjer er sjølve grunnsteinen i hypertekstdokument – noko XHTML-sider er. Alle lenkjer har ein lenkjetekst, som er den teksten me aktiverer (trykker pÃ¥) for Ã¥ følgja lenkja. Men lenkjetekstane er ofte dÃ¥rlige, og forstyrrar lesinga. I denne artikkelen skal me derfor sjÃ¥ nærare pÃ¥ korleis lenkjetekstar bør, og ikkje bør, vera utforma.
Internett er full av lenkjer som ikkje går nokon plass – brotne lenkjer. Dette er verken ønskelig eller nødvendig. Denne artikkelen handlar om brotne lenkjer, og om korleis du unngår dei ved å bruka automatisk vidaresending.
Bilde på nettsider tar lang tid å lasta ned, og me vil derfor gjera bildefilene minst mulig. (Nokre av oss brukar framleis modemsamband, og mobilbaserte nettlesarar er på full fart inn!) Løysinga er sjølvsagt komprimering, som gjer at bilda tar mindre plass, med held same, eller nær same, kvalitet. Men overraskande nok er det ofte meir brukarvenlig å gjera filene litt større. Grunnen er ein lite kjend funksjon i PNG-standarden.
GCompris er eit flott og fritt leik og lær-spel med mange forskjellige aktivitetar for ungar mellom 2 og 10 år, og er fullstendig omsett til nynorsk og bokmål. Sjå demonstrasjonsfilm her!
Ein papirdrake som beveger hovudet av seg sjølv og følgjer deg med auga rundt i rommet? Ja, det finst faktisk! Skriv og klipp ut, lim saman og imponer venner og kjende. Her finn du òg anna utskrivbar moro til underhaldning i påska.
Typografisk håndbok er eit oppslagsverk og ei rettleiing i norsk typografi, skriven av Christer Hellmark. Boka kom opphavlig ut på svensk i 1991, men er no omsett og tilrettelagt til norsk. Innhaldsmessig er boka stort sett bra, men typografisk gjev ho litt blanda signal.
Onsdag kveld 2004-03-31 sender NRK2 den kritikarroste komedien Noen har det hett (Some Like It Hot), som musikalen Sugar, tidligare omtalt, er basert på.
Rune Belsviks Dustefjerten og den store sommarferieturen går som opplesingsserie i Barnetimen denne veka, og nokre veker framover (med pausar innimellom).
Det er fryktelig vanskelig å teksta musikalfilmar på norsk, med alle rima og rytmen i songane. Likevel har me eit par imponerande eksempel på at det lar seg gjera.
Viss nokon mot formodning lurer pÃ¥ korleis eg har fÃ¥tt til ting og tang her pÃ¥ bloggen, har eg no lagt ut alle malane – tilgjengelig for eventuelle interesserte.
Eg har fått ein kommentar på at eg er for positiv til tinga eg skriv om. For å gjera alle fornøgde skal eg derfor denne gongen ta for meg noko fryktelig negativt.