Automatisk nedlasting av dagens bilde

25. november 2007

Dagens bilde

På Wikipedia og Wikimedia Commons kan me kvar dag lasta ned dagens bilde:

Dette er ofte flotte bilde, som passar bra som bakgrunnsbilde på skrivebordet. Derfor har eg laga eit lite skript (for Linux) som automatisk lastar ned dagens bilde pluss litt bildeinformasjon.

Skript: dagens-bilde.sh

Når me kjører skriptet, vert dagens to bilde lasta ned og plassert i mappa ~/dagens-bilde (endra variabelen mappe i skriptet for å legga dei ein annan plass), og infofilene vert lagt i undermappa info. Viss me heller er interessert i gårsdagens eller fjorårets bilde kan me oppgje éin eller fleire datoar, slik:

./dagens-bilde.sh 2007-09-20 2007-07-31 2007-06-07

Det er sjølvsagt lett å lasta ned alle bilda i eit gitt tidsrom. For å lasta ned alle bilda frå 2007 kan me for eksempel skriva:

datoar=""
for dag in $(seq 0 364)
do
  datoar="$datoar $(date -d "2007-01-01 $dag day" +"%Y-%m-%d")"
done
echo $datoar | xargs ./dagens-bilde.sh

Elles er det greitt å legga skriptkommandoen i ein crontab for automatisk nedlasting kvar dag.

Skiftande bakgrunnsbilde

Bildene passar veldig bra som bakgrunnsbilde på skrivebordet, og me kan lett setta opp KDE til å byta bakgrunnsbilde automatisk med visse tidsintervall:

  1. Høgreklikk på skrivebordet og vel Set opp skrivebord.
  2. Merk av for Lysbiletframvising.
  3. Trykk Oppsett.
  4. Vel tidslengd, kryss av for Vis bileta i vilkårleg rekkjefølgje, og Trykk Legg til. Naviger til mappa der bilda ligg, og OK deg ut to gongar.
  5. Under Val, sjå til at Plassering er sett til Skaler og kutt.
  6. Trykk OK, og nyt dei stadigendrande, flotte bakgrunnsbilda.

Bildeinfo og bildebyting

Når dei flotte bakgrunnsbilda vert vist, lurer ein av og til på kva/kor/kven i all verden det er bilde av. Det er lett å finna ut av: berre kjør følgjande skript:

dagens-bilde-info.sh

Og for å spara deg litt bry, her ein ein kommando som legg til ein knapp på KDE-panelet for å kjøra skriptet (antar skriptet ligg i mappa ~/skript):

dcop kicker Panel addNonKDEAppButton "Bakgrunnsbildeinfo" "Info om gjeldande bakgrunnsbilde" "~/skript/dagens-bilde-info.sh" iconthemes "" ""

Og her er ein knapp for å byta til neste bakgrunnsbilde utan å måtte venta n timar:

dcop kicker Panel addNonKDEAppButton "Ny bakgrunn" "Byt til nytt bakgrunnsbilde" dcop folder_image "kdesktop KBackgroundIface changeWallpaper" ""

Dei siste tekniske detaljane

Skriptet prøver å vera litt smart. Det vil berre lasta ned bilde det trur kan eigna seg som bakgrunnsbilde – bilde som har følgjande eigenskapar:

Du kan sjølvsagt lett tilpassa skriptet til strengare eller mindre strenge krav.

I tilegg kan det skje at same bilde vert «dagens bilde» fleire gongar (for eksempel éin gong på Wikimedia og ein annan gong på Wikipedia). Derfor kjører skriptet automatisk ein sjekk etter duplikatbilde, og slettar dei. Koden for dette er ei lita modifisering av eit skript av Jarno Elonen.

Til slutt vil eg legga til at du kjører skriptet på eige ansvar. ☺ Men eg har iallfall kjørt det kvar morgon i fleire månader utan problem.

Spørsmål? Problem?

Har du spørsmål, problem eller kommentarar, so legg gjerne inn ein kommentar eller send meg ein e-post.

Kommentarar

Av Gunnar Andreassen på 2007-11-25:

Kjempesmart! Hmmmm da er det vel bare å finne ut en smart måte å virkelig gjøre dette på da …?

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

 

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med Movable Type 3.34. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.