30. april 2003 (oppdatert 17. desember 2006)
Nettlesaren Mozilla inneheld ein godt skjult og lite kjent, men veldig praktisk og tidsparande funksjon – bokmerkenøkkelord.
Til kvart bokmerke kan du velja eit nøkkelord. Etterpå treng du berre skriva inn nøkkelordet i adresselinja for å gå til tilhørande bokmerke. For eksempel kan du velja nøkkkelordet «sa» for Stavanger aftenblad. Då treng du berre skriva inn «sa» i staden for http://www.stavanger-aftenblad.no/ for å besøka avisa.
For å legga til eit nøkkelord til eit bokmerke, høgreklikkar du på bokmerket, vel «Eigenskapar» og skriv inn nøkkelordet i «Nøkkelord»-feltet.

Men dette er ikkje alt! Det praktiske ligg i at bokmerkene kan ta ein parameter. Viss du endrar adressa til sida til å inkludera teksten «%s», blir «%s» erstatta med eventuelle ord du skriv etter nøkkelordet i adresselinja. Eit eksempel er klargjerande. Lag eit bokmerke, og la dette peika til:
http://akas.imdb.com/find?q=%s
Gje dette bokmerke for eksempel namnet «film». Du kan då skriva
film tittel
for å slå opp tittelen i den enorme filmdatabasen IMDb. Dette fungerer òg ofte med norske titlar på utanlandske filmar. Prøv for eksempel:
film Chihiro og heksene
Du kjem direkte til oppslagssida for den geniale animasjonsfilmen med originaltittel Sen to Chihiro no kamikakushi.
Her er forslag til ein del bokmerke eg sjølv brukar (høgreklikk og kopier lenkjene):
| Sida | Oppslagsord |
|---|---|
| Filmdatabasen IMDb | tittel, skodespelar, regissør |
| Nynorsk- og bokmålsordboka | ord |
| Ordboka Dictionary.com | ord |
| Google Glossary | ord, omgrep, forkorting |
| Nyheitssøk i Mylder | søkeord |
| Leksikonet Caplex | oppslagsord |
| Telefonkatalogen 1890 Online | telefonnummer |
| Telefonkatalogen 1890 Online | namn |
| RFC-dokument | RFC-nummer |
Du kan òg lesa ei meir detaljert innføring i bokmerkenøkkelord.
Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med Movable Type 3.34. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.