Dalziel og Pascoe

11. august 2005 (oppdatert 25. august 2005)

Endelig er det klart for den britiske krimserien Dalziel og Pascoe på norske skjermar. NRK sender serien i detektimen tre fredagar framover, og forhåpentligvis endå meir seinare, dersom serien vert ein suksess. Og noko anna ein suksess vil vera merkelig!

Serien handlar om Andy Dalziel, ein grov, brautande, ufølsam, mannssjåvinistisk og generelt politisk ukorrekt overbetjent, med eit oppsyn som kan skremma fanden på flatmark (sjå representative bilde rundt om på sida), og som saman med den meir hyggelige og høflige betjent Pascoe løyser britiske krimmysterium på halvannan time.

Historiane er spennande, med velskreven og til tider ganske vittig dialog. Og episodane vert stadig betre, etter kvart som me vert meir kjende med hovudpersonane. Nokre av dei seinare episodane er etter mi meining noko av det beste som er laga av britisk krim (andre er mindre bra).

Ein liten merknad til slutt: Til tross for NRKs hallomann, overbetjenten heiter ikkje «disel»; namnet skal uttalast «di-ell». Imponer vennar og kjende med å uttala det rett!

No gjenstår det berre å benka seg framfor skjermen fredag klokka 22:10. Kanalen er NRK1.

Kommentarar

Av Steffen Grøhn på 2005-08-12:

Kva med «Delsil»? Kvifor skal s-lyden bort?

Av Karl Ove Hufthammer på 2005-08-12:

Namnet er eit gammalt skotsk slektsnamn. Etter det eg har forstått, var z-en eigentlig bokstaven yogh, som såg ut som ein slags z (men ofte vart uttalt som noko meir liknande engelsk y), og som seinare gjerne vart nedskriven som z eller gh.

Skotske skrivemåtar av namn har ofte heller lite med korleis dei skal uttalast. (Og i dette tilfellet er det jo eigentlig berre første og siste bokstav som vert uttalt.)

Av Karl Ove Hufthammer på 2005-08-13:

Kan opplysa om at alle Dalziel og Pascoe-episodane ligg inne som eigne oppføringar i den store filmdatabasen IMDb. Her er oppføringa for gårsdagens episode, A Clubbable Woman.

Av Karl Ove Hufthammer på 2005-09-02:

Det vert meir Dalziel og Pascoe! NRK held fram med fire dobbeltepisodar til, frå og med i kveld.

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

 

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med Movable Type 3.34. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.