Den store søvnen

17. juni 2003 (oppdatert 25. august 2005)

I niaren i kveld, tysdag, sender NRK2 filmen Den store søvnen – ein god, dammal(dags) detektivfilm i film noir-sjangeren, med Humphrey Bogart i rolla som Philip Marlowe. Du kjenner nok typen: Ein alltid rettferdssøkande, men kynisk whiskydrikkande privatetterforskar i ei mørk, korrupt verd der ingen er til å stola på – og alle har noko å skjula.

Noko av det som gjer filmen so bra er, kanskje overraskande nok, humoren. Nesten kvar einaste replikk som fell inneheld ei eller annan vittigheit, gjerne tørr, men alltid raffinert. Dette er den typen humor eg set høgast, og forfattar og manusforfattar har gjort ein kjempejobb her.

Elles trur eg aldri eg fekk heilt med meg kven som var mordaren (og kven som vart myrda vart faktisk òg fort gløymt – eg er elendig til å hugsa sånne detaljar, endå eg elskar kriminalfortellingar). Men om eg ikkje hugsar feil, har forfattaren av boka som filmen er bygd på òg innrømt at han ikkje hadde heilt snøringa på alle morda. Men det gjer uansett ingenting; det er replikkane og enkeltscenene som held filmen oppe, og det gjer dei til fulle.

Dette er ein av dei svært få (for tida tre) filmane eg har valt å gje 10 av 10 mulige poeng på IMDb. Det er vel unødvendig å nemna at det er ein av favorittfilmane mine. Kva enn du enn gjer, ikkje gå glipp av denne perla av ein film i kveld!

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

 

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med Movable Type 3.34. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.