E-postproblem og adresseinformasjon

19. juli 2005 (oppdatert 25. august 2005)

Eg oppdaga tilfeldigvis at eg i det siste har mista mykje av e-posten eg har fått tilsendt. Grunnen var ein feil i e-post­mottakings­programmet eg brukar.

So viss du har sendt meg ein e-post du saknar svar på, venligst send han på nytt. Eg pleier svara på alt (med tid og stunder). Hugs òg at du kan senda meg lyn­meldingar. Dette er den føretrekte kontakt­måten om du ønskjer svar kjapt.

E-postadressa mi er som alltid karl@huftis.org. Eg har òg eit elektronisk visitt­kort (vCard) du kan importera til adresse­boka di. Og har du eit skikkelig e-postprogram, vil det då kunna oppdatera adresse­informasjonen regel­messig – heilt automatisk.

Kommentarar

Av Thomas Hammer på 2005-07-21:

Har du lese om hCard-formatet? Det er eigentlig berre eit framlegg til ein standardisert måte å skrive html-kode for namn og adresser på. Når nettsider brukar hCard-formatet kan dei rette programmene identifisere koden og dra ut eit vCard av han.

Det er ikkje så mange av "dei rette programmene" enno, men X2V kan i alle fall omsette hCard frå nettsider til vCard i adresseboka.

Eg har leika meg litt med hCard-formatet på min eigen side og på kontaktsida til Opplysning 1890. Ta ein kikk, eg trur dette er noko for deg!

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

 

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med Movable Type 3.34. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.