Emballasjeopnarar

12. oktober 2003 (oppdatert 25. august 2005)

Problemet

Eg føler eit sterkt hat til emballasjeprodusentar, spesielt til dei som lagar emballasje til CD-ar. Desse er nær umulig å få av platene.

Eg har sjølv gjentatte gongar brukt opptil fleire minutt på å prøva å få av denne plasten. Og sjølv når produsenten har vore omtenksam nok til å bygga inn ei «opningsstripa» (eit band i hardare plast) er denne ofte til mindre hjelp enn ho burde, av tre grunnar:

  1. plasseringa av stripa er ikkje standardisert
  2. stripa er ofte i same farge som resten av plasten
  3. kor ein skal begynna å dra i stripa varierer

Alt dette gjer at det er vanskelig (og noko tidkrevande) å oppdaga stripa, og finna ut korleis ein skal bruka ho.

Nokre produsentar klarar overraskande nok å gjera ting endå verre! Eg har kjøpt ein boks med tomme CD-ar, der boksen er pakka inn i plast, men i tillegg er kvar plata i boksen òg pakka inn i plast. Kva tenker dei som kjem på sånt (med)‽

Løysinga

Løysinga fann eg hos Clas Ohlson. Der sel dei ein pakke med to emballasjeopnarar, der eine er spesialtilpassa for opning CD-ar, mens den andre kan brukast på anna liknande emballasje, som kassettar og videokassettar.

CD-opnaren fungerer ved at du drar han kjapt langs kanten på CD-øskja. Ein liten kniv skjerer då hol i emballasjen (utan å skada sjølve øskja), sånn at du lett kan fjerna han. Dette fungerer utmerka!

Til orientering kostar pakken med dei to opnarane 19 kroner, og har varenummer 32-1829.

Kommentarar

Av Øyvind Hoven Oftedal på 2003-10-12:

Clas Ohlson har mye kjekt kontorutstyr. Eg kjøpte sjølv disse opnarane for noen veker siden, og er godt nøgd med dei. No slepp eg unødig aggresjon kvar gong eg skal opna stridig emballasje.

Det einaste som er dumt, er at eg bur 8 mil frå næraste butikk (eg må til Kristiansand).

Av Kyrre Baker på 2003-10-12:

Dette «problemet» er forøvrig også eksisterende på enkelte DVD-covere. Løsningen for «oss røykere» er jo lighteren. Dobbelt så raskt og mens man har lighteren brennende så kan man jo passe på å fyre opp enda en spiker til kisten.

Av Asbjørn Ulsberg på 2003-10-13:

Et absolutt severdig klipp hos NRK i denne forbindelse er Finn Bjelke sine frustrasjoner rundt embalasje, eller «Adolf Hitler», som han mener det rimer på.

Veldig, veldig morsomt, men krever Windows Media 9-støtte. Har man ikke WM-støtte, er dette klippet verdt å skaffe seg det for.

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

 

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med Movable Type 3.34. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.