Erosjon og helseråd

14. mai 2003 (oppdatert 25. august 2005)

Eg pleier ikkje skriva om helsestoff her i bloggen, men denne artikkelen om tannerosjon fanga merksemda mi:

Hyppig drikking av syreholdige flytende som cola, brus og juice gjør tannemaljen myk slik at den lettere tæres bort. Børstes tennene like etterpå, blir skaden dobbelt så stor. Undersøkelser viser at 20 prosent av norske 20-åringer har alvorlig emaljeskade på tennene – noe som krever omfattende og kostbar behandling.

Dette med at tannpussinga fordoblar skada er noko eg ikkje var klar over, og som absolutt er verdt å merka seg. Elles er artikkelen full av interessant informasjon, og ikkje minst nyttige, konkrete tips. Dette er faktisk ein av dei beste artiklane eg har lest i det siste!

Nettstaden Helsenytt (som artikkelen er henta frå) verkar òg veldig god og seriøs. Dei følgjer etter eiga utsegn etablerte retningslinjer for medisinsk informasjon, og arbeidar aktivt med å kvalitetssikra informasjonen. Dei gjev òg ut eit eiga blad med same stoff som på nettstaden, der dei skriv:

Vi stiller strenge krav til helserådene i bladet: De skal være basert på vitenskap og solid erfaring – ikke på tro og spekulasjon. Derfor samarbeider vi kun med Norges fremste spesialister innen legevitenskap, psykologi og ernæringsvitenskap.

Dette verkar som eit friskt pust frå dei sokalla «helsespaltane» i mange populære vekeblad, som i stor grad er basert på pseudovitskap, myter og overtru, og førar til at folk kastar vekk pengar (og liv) på behandling og remediar utan nokon reell positiv effekt. Eg er frista til å teikna eit abonnement på bladet Helsenytt – for alle. Det verkar interessant. For øvrig kan ein melda seg på e-postlista deira for å bli varsla når dei publiserer nye artiklar/intervju på nettstaden.

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

 

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med Movable Type 3.34. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.