Forklaring på nedetid

22. desember 2003 (oppdatert 25. august 2005)

For nokre dagar sidan var bloggen vekke. Grunnen var ei lita katastrofe hos vevleverandøren min, Spenix.

Noko liknande har dessverre skjedd før, i noko mindre omfang. Og hendinga viser at Spenix iallfall har heilt inadekvate reservekopiløysingar (reservekopiane blir, etter det eg forstår, lagra på same maskin som orginalane, og ikkje utanfor alt nettverk).

Heldigvis har eg reservekopiar sjølv. Dessverre viste det seg siste kopi av bloggdatabasen var defekt (noko eg burde ha oppdaga), og eg måtte bruka ein tidligare kopi. Heldigvis hadde eg sikra meg dobbelt, og òg eksportert innlegg og kommentarar ved hjelp av eksportfunskjonen i Movable Type (versjon 2.65 er for øvrig ute no). Dermed kunne eg bruka den gamle bloggdatabasen og importera berre dei nyaste innlegga og kommentarane.

Grunnen til at eg ikkje importerte alt, er at eksportering og importering endrar ID-ane på innlegg og kommentarar, og desse blir brukt til å bygga opp nettadressene. Sånn det er no, har alle innlegga fått bevart adressene sine, men dei siste kommentarane har dessverre fått nye ID-nummer. Det gjer lite, då so vidt eg kan sjå ingen har lenkjer direkte til desse.

Moralen er: Viss du ønskjer å ta kopi av Movable Type-greiene dine, ta altso direktekopi av databasen, og ikkje berre bruk den innebygde eksporteringsfunksjonen. Og ta reservekopiar!

Eg blir hos Spenix, hovudsaklig fordi eg ikkje kjenner til nokon leverandør som kjem i nærleiken av det tenestetilbodet og sørvisen desse yter, og til denne prisen. Eg håpar noko liknande ikkje vil skje igjen. For øvrig er det minimalt med e-post som har gått tapt, og eg har fått refundert utgiftene mine for denne månaden.

Kommentarar

Av Wilhelm Joys Andersen på 2003-12-26:

Eg blir hos Spenix, hovudsaklig fordi eg ikkje kjenner til nokon leverandør som kjem i nærleiken av det tenestetilbodet og sørvisen desse yter, og til denne prisen.

Selv bruker jeg ServeTheWorld.net, og har ikke et vondt ord å si om dem. De har et godt tilbud til en svært god pris, i tillegg til topp oppetid og support.

Av Marius Andersen på 2003-12-28:

Ser at Wilhelm ikke har benyttet blockquote-elementet på riktig måte, ved å glemme å omslutte den siterte teksten i et p-element (altså <blockquote><p>...</p></blockquote>). Dette resulterer ikke bare i ugyldig XHTML, men også i at CSS-en ikke fungerer helt som den skal (manglende avstand mellom kantlinja og teksten).

Er det noen måte å konfigurere Movable Type til å «tvinge» brukeren til å skrive gyldig XHTML, tro? Sånn som det er nå reddes jo innholdet av «text/html»-MIME-typen, men resultatet blir jo katastrofalt dersom du en gang bytter til «application/xhtml+xml» (kanskje det blir aktuelt med flere W3C-standarder i bloggen i fremtiden, ikke vet jeg).

For øvrig savner jeg muligheten til å bruke abbr-elementet i kommentarene her, samt title-attributtet på dette og a-elementet. Noe du gidder å legge til? ;-)

Av Karl Ove Hufthammer på 2003-12-29:

Først til Wilhelm: So vidt eg kan sjå får eg meir hos Spenix, til lågare pris. Og sidan eg har vore veldig fornøgd med unntak av desse to tilfella, blir eg hos dei.

Til Marius: So vidt eg veit, finst det ikkje nokon måte å få til dette. Det finst tillegg som rettar litt opp i dårlig HTML, om eg ikkje hugsar feil, men eg føretrekker å ikkje bruka dette.

I dette tilfelle ville det ikkje vera noko problem å bruka «application/xhtml+xml». Eg gjer faktisk det på heile bloggen min, for dei som brukar nettlesarar med OK XHTML-støtta (for tida berre Mozilla). Sidan koden framleis var velforma XML, reagerte ikkje Mozilla, som brukar ein ikkje-validerande parsar. Men når folk kjem med kommentarar i ikkje-velforma XML har det vore problem, som eg har måtta retta opp manuelt. (For tida er det jul, og eg er lite innom bloggen for å oppdaga sånt.)

Eg har no lagt til abbr-elementet (men ikkje oppdatert «hjelpeteksten» enno). Men title har då vore støtta på a lenge?

Av Anders på 2003-12-31:

Har brukt Pair Networks (www.pair.com) i en aarekke og kan hjertelig anbefale deres tjenester om du snuser paa alternativer. De har foroevrig et meget gunstig program for aa "redde" folk fra andre ISPer saavidt jeg husker :-)

Godt nytt aar!

Av Asbjørn Ulsberg på 2004-01-07:

Jeg har brukt ITweb Online i 4 år nå, og er klekkelig fornøyd. Jeg har ikke merket ett éneste sekunds «ukontrollert» nedetid mens jeg har vært kunde, og de største (som allikevel er små, alt tatt i betraktning) problemene jeg har hatt med dem har vært deres linjeleverandør TeleDanmark sin skyld, og ikke deres.

Og når vi driver med ønsker til hva du skal gjøre med bloggen din, Huftis, hva med en liten «Husk informasjonen»-avkrysningsboks i kommentar-skjemaet? Litt slitsomt å skrive inn navn, e-postadresse og hjemmeside-URL hver eneste gang jeg skal kommentere et eller annet. :-)

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

 

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med Movable Type 3.34. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.