Karl Ove Hufthammer

Song om meg + konserttips

Den 3. juni var eg på konsert med Visekongene, og fekk då den store gleda og overraskinga av å bli framført ein (noko improvisert) song om! Opptaket er no tilgjengelig for alle å kosa seg med: Ex-Bachelor-Barn Av Vår Tid.

Visekongene er eit litt – uvanlig – band, noko deira eiga beskriving på heimesida illustrerer:

Visekongene er et heller middelmådig band. De kommer sjelden på tekster, så mye av musikken er instrumental. Et Casio-keyboard kjøpt for en femtilapp på en Esso-stasjon på 80-tallet er sentral i lydbildet. Komposisjonene bærer preg av utdatert 70-talls-nostalgi, manglende fokus, liten evne til å begrense seg og store mengder inspirasjon fra band som ingen har hørt om.

Resultatet er noe som kanskje kan betegnes som frirock. Bandet er overbevist om at det meste annen musikk som spilles rundt omkring i de tusen kjellere er kjedelig og forutsigbar. Dette er kanskje drivkraften bak skapelsen av musikken til Visekongene: Gi folk en musikalsk opplevelse – eller i det minste en opplevelse – de ikke har hatt før. Sånn sett er det en ubrutt linje mellom Bach, Beethoven, Nietzsche, Stravinskij, The Beatles og Visekongene. Profeter i egen by og eget land blir de nok aldri, men de burde vært det. Sublim, udødelig og guddommelig inspirert musikk som dette burde det vært fengselsstraff for å gå glipp av.

Konserten var absolutt verdt å få med seg; eg storkoste meg, iallfall. Men for dei som var so uheldige å glipp av han, ligg heile konsertopptaket ute. Opptak frå andre konsertar, samt studioopptak er òg tilgjengelig. Her er favorittsongane mine:

Viss dette fall i smak (og eg kan ærlig talt ikkje tenka meg noko anna!), har eg godt nytt. Visekongene spelar saman The Necktie Party i kveld, laurdag 17. juni, på Garage. Det vert dobbeltkonsert med den enkle prisen på 50 kroner!.

2 kommentarar

  1. Jepp. Eg vil nok skriva ein liten artikkel om omlegginga om ikkje so lenge. No held eg berre på å sjekka at dei fleste tinga fungerer, og rettar opp alle brotne lenkjer (blant anna til songane til Visekongene …).

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.