18. desember 2005
No er det snart jul, og då passar det å sjå litt på nokre program og spel som set ein i skikkelig julestemning på Linux.
Det første ein bør gjera, er å installera det litle programmet Xsnow. Start programmet, og skrivebordet vert fylt med nydelig, dalande snø, som vert liggande oppå vindauge og botnen av skjermen. Innimellom kjem julenissen sjølv fykandes med reinsdyra sine, med Rudolf i spissen. Og for dei ikkje-truande går det an å slå av den raude nasa til Rudolf. Programmet fungerer for øvrig godt saman med dei tidligare nemnte Tux-julebakgrunnsbilda.
Brukar du lynmeldingsprogrammet Kopete, vil du gjera lurt i å installera fjesingtemaet Default-plus. Med dette støttar Kopete nissefjesingen: *<|:-)
Default-plus inneheld for øvrig fleire andre nye fjesingar, samt forbetringar til standardfjesingane i Kopete, og er vel verdt å bruka utanom julehøgtida òg.
Til slutt vil eg anbefala spelet PlanetPenguin Racer. Her akar du nedover fartsfylte baner med Linux-maskoten Tux. Flott grafikk og musikk gjer dette til eit perfekt spel å kosa seg med i jula. Spelet er for øvrig omsett til norsk – både nynorsk og bokmål.
Eg tar gjerne imot tips om andre frie spel og program for Linux som passar for års- og høgtida me no er inne i.
Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med Movable Type 3.34. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.