1. desember 2005 (oppdatert 16. desember 2005)
Ingen jul utan julekalendrar! Og i år som i fjor tar nettaviser, portalar og eindel firma spanderbuksene på, og gjev vekk flotte premiar i konkurransar. Her har eg samla dei julekalenderkonkurransane eg har funne, og som eg besøker kvar dag i håp om å vinna!
Kriteria for å komma med på lista er at konkurransen er open for alle, dei ansvarlige for konkurransen er seriøse, det er fine premiar å vinna kvar dag, og spørsmåla ein eventuelt må svara på ikkje er for vanskelige.
Eg tar med stor juleglede imot tips om fleire julekalenderkonkurransar, på e-post eller som kommentarar i bloggen. Nye kalendrar vert plasserte nedst i lista, sånn at dei er lette å finna.
Av Mildrid på 2005-12-02:
Ikke alle kalendrene er med premier. Men en god del av de er det i denne oversikten: http://www.julekalendere.com/
Av Steffen Grøhn på 2005-12-02:
Hva er svaret på nr. 5 i kryssordet til forsvaret 2. Des?
Av Svein Kåre på 2005-12-02:
Frå bokmerkene mine:
http://www.bokklubben.no/Om du bur i Trondheim kan denne vera noko:
http://www.adressa.no/tema/jul/article595274.eceIkkje premiar kvar dag på denne:
http://bt.no/jul/kalender/
Av howalizer på 2005-12-04:
Er det slutt på adventskalendrar?
Av Asle Ommundsen på 2005-12-04:
Komplett sin julekalender prøver jeg meg på daglig (krever Flash):
http://www.komplett.no/k/k.asp?action=page&page=news&topic=xmascal05&cks=FMB
De har veldig fine premier, i dag er det en Laptop. Kunne ønske jeg vant! :o)
Av Karl Ove Hufthammer på 2005-12-04:
Eg har no lagt til dei kalendrane eg har fått tips om (og som oppfylde krava mine).
Og ja, det er slutt på adventskalendrar. No heiter det berre «julekalender». :–)
Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med Movable Type 3.34. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.