Og jula varer heilt til …

3. juli 2004 (oppdatert 30. oktober 2005)

Eg er ein av mange som irriterar meg over at handelsstanden tjuvstartar på julefeiringa, med julepynt og julevarer fleire månader i forvegen. (Sjå òg aksjonen Gi oss jula tilbake!)

Men no trur eg botnen er nådd! Her er eit utdrag av ein reklame som møtte meg når eg stakk innom Bergens Tidende, 3. juli 2004:

Eg har med vilje utelatt adressa i reklamen. Men det hører med til historien at når eg besøkte sida vart eg berre møtt feilmeldinga:

3219 Operation is not allowed in this context.Du trenger en nettleser som støtter rammer for å se denne siden, beklager.

For ordens skyld: Eg brukar ein nettlesar med utmerka støtta for råmer. Feilmeldinga kjem av eg blokkerer informasjonskapslar som standard. Både samfunnsmessig og teknisk inkompetanse hos annonsøren, altso!

Kommentarar

Av Lasse G. Dahl på 2004-07-03:

... men dette er da ikke julerelatert? Ser du ikke at det er JULInissen det er snakk om? Hva har han - eller var det hun? - med julefeiringa å gjøre?

;-)

Av Karl Ove Hufthammer på 2004-07-03:

Eg meiner dette ordkløyveriet ikkje kan forsvara eit slikt misbruk av jula, som reklamen sjølvsagt siktar til, med nissemotiv, julefargar, og so vidare. Om ein begynte å selja julitre, med julikuler, julimarsipan og julimusikk (Jeg er så glad hver julikveld) i juli, hadde eg blitt fryktelig irritert, og tatt fram boikatthanskane mine. Jula er for fin til at ho skal øydeleggast av slikt!

Men for å svara på spørsmålet ditt, eg la ikkje merke til det, nei.

Av Maria Bjørkedal Solheim på 2004-07-03:

Eg låg merke til i-en då eg såg reklamen første gong, i går, men eg er einig i at det er irriterande uansett.

Av Lasse G. Dahl på 2004-07-03:

Altså, at julefeiringa starter for tidlig, kan vel de fleste enes om. I alle fall jeg, se:

www.lassedahl.com/b/20021010_1

Men når det kommer til julinissen - er det ikke en bruktbilforhandler det er snakk om, da? De er vel programforpliktet til å ha idiotiske reklamer, de?

For at det er en idiotisk reklame, det kan vi vel alle enes om. Men jeg tror altså det skal være sånn. Trist, men sant.

Av Marius Andersen på 2004-08-07:

Riktignok utenlands, men her er (etter mitt syn) nok et eksempel på nissemisbruk.

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

 

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med Movable Type 3.34. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.