Kommentar-RSS

1. september 2003 (oppdatert 25. august 2005)

Eg har no tatt i bruk eit eigna verktøy for lesing av bloggar (meir om det ein annan gong), og har i samband med dette møtt på eit problem: Lesing av kommentarar.

Før besøkte eg bloggane direkte, og kunne dermed lett sjå når det kom kommentarar til innlegg (spesielt viss bloggen hadde ei liste over dei siste kommentarane). No les eg berre utdrag basert på RSS-filer, eller går direkte til enkeltinnlegg viss utdraga verkar interessante.

Eg får dermed ikkje med meg kommentarane, med mindre dei gjeld akkurat dei innlegga eg les, og dei har blitt skrivne før eg les dei. Sjølv i innlegg eg har kommentert sjølv er det vanskelig å hugsa å gå tilbake for å sjå om nokon har svart.

Reknar med andre har same problem, og eg har derfor lagt ut ein kommentar-RSS med oversikt alle dei siste kommentarane. Denne inneheld heile teksten (som rein tekst) til kvar kommentar.

I fare for verka klisjéaktig vil eg oppfordra alle andre til å gjera det same. ☺

Kommentarar

Av Kristin Nilssen på 2003-09-02:

Hmja. Dette minner meg om at eg faktisk skal oppdatere designet mitt snart, som eg har lova … Men uanskvett, du kan ikkje ta og legge ut ei lita fil eg berre kan lime rett inn som rss-kommentar-template? Eg har igrunn ikkje peiling på dette med rss, ser du, men I aim to please :)

Av Kristin Nilssen på 2003-09-02:

Visste du forresten at den sida som du kjem til når du har posta kommentarar ser heilt annleis ut enn resten? Og at ho dessutan er på bokmål?

Av Karl Ove Hufthammer på 2003-09-02:

Jo, her er RSS-malen min (høgreklikk på lenkja og vel «lagra som» eller noko sånt).

Men eg har eit noko finjustert MT-oppsett, so det blir nok ikkje berre klypp og lim. Dessutan brukar fila eit par MT-tillegg du må ha installert. Desse finn du i MT Plugin Directory.

Uansett trur eg det skal gå bra å bruka fila som utgangspunkt, iallfall.

For øvrig veit eg om kommentarsvarsida. Får vel gjera noko med ho snart, då. ☺

Av Vegard A. Johansen på 2003-09-05:

Hm, sendte ikke jeg en trackback hit da? Kommentarfeed finnes i alle fall på min blogg også nå!

Av Karl Ove Hufthammer på 2003-09-05:

Jo, men eg publiserer ikkje TrackBack-informasjon i bloggen min (av ymse grunnar).

Av Karl Ove Hufthammer på 2003-09-06:

Til orientering skal kommentarsvarsida no vera i orden.

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

 

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med Movable Type 3.34. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.