Lagring av Internett-radio lokalt

22. juni 2003 (oppdatert 25. august 2005)

Eg skreiv i går om korleis ein kan høra på NRK-radio over Internett med god lydkvalitet, takka vera Høgskolen i Østfold. Men det er ikkje alltid ein har tid til å høra programma når dei blir sendt. Det hadde vore fint å kunna lasta dei ned, og lagra dei for seinare bruk.

Her kjem Streamripper inn. Dette er eit program som gjer at du kan lagra direktesendingar frå Internett på harddisken. Det er gratis, open kjeldekode og finst tilgjengelig for fleire plattformer.

Sjølv har eg laga meg eit sinnrikt system som hentar ned og lagrar dei faste favorittprogramma mine automatisk når dei går, sånn at eg kan høra dei når det passar meg. Interessante program arkiverer eg på CD (som datafiler, ikkje lyd), sånn at eg kan ta vare på dei for ettertida.

Og sjølv viss eg kan og vil høra programma samtidig som dei går, er denne ordninga praktisk. Då kan eg pausa sendingane viss eg for eksempel skal henta meg litt vatn. Dette gjer eg ved å høra fila som blir lasta ned (samtidig som ho blir det), i staden for å høra på sendinga direkte.

Kommentarar

Av Kenneth Brodal på 2003-06-27:

Jeg tenkte her i dag at jeg kunne trenge å ta opp fra radio mens jeg skulle være ute, og da kom jeg på det du hadde skrevet her.

Så jeg lasta ned Streamripper, men jeg er rett og slett ikke istand til å finne ut hvordan man setter den til å automatisk ta opp noe på et bestemt tidspunkt.

Hva har jeg oversett? ;-)

Av Karl Ove Hufthammer på 2003-06-27:

Du treng eit eige program for å starta Streamripper automatisk. Kjører du Linux eller Unix kan du bruka cron. Kjører du Windows kan du bruka det utmerka gratisprogrammet nnCron LITE, som brukar akkurat same tekstbaserte filformat som cron.

Eg kan alltids skriva ein artikkel om nøyaktig korleis eg har ordna det, om det interesse for dette, men eg brukar eit par program til, og løysinga er veldig uelegant (sjølv om ho fungerer perfekt).

Av Kenneth Brodal på 2003-06-27:

Jeg kjører nok Windows ja. Kjenner til cron fra Linux (en kjekk liten ting).

Jeg kan jo alltids sette meg inn i det selv, liker jo ikke at andre må gjøre jobben for meg. Men jeg vil påstå at det kan være en artikkel av interesse for flere enn meg, så om du skulle få lyst til å lage noe slikt, hadde ikke det vært dumt.

Av Karl Ove Hufthammer på 2003-06-28:

Greitt; eg skal skriva ein artikkel om det. Men det blir minst ei veka til, då eg for tida ikkje er på mi vanlige datamaskin der dei aktuelle filene ligg.

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

 

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med Movable Type 3.34. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.