Mandriva Linux 2009 ute

9. oktober 2008 (oppdatert 18. oktober 2008)

Linux-distribusjonen Mandriva Linux er no ute i ny versjon, Mandriva Linux 2009. Sjå den offisielle heimesida for ei oversikt over alt som er nytt, og informasjon om korleis du kan lasta ned og installera.

Det viktigaste nye, sett frå mi sida, er at distroen no er 100 % omsett til nynorsk (gjeld alle Mandriva-spesifikke programma)! Mandriva Linux er den Linux-distroen med best nynorskstøtta. Og finn du ein skrivefeil eller noko som kan forbetrast i omsettinga, er det berre å ta kontakt med meg, so skal eg retta det før du får sagt kaka.

Ein annan flott ting som skil Mandriva frå andre distroar, er det fine grafiske kontrollsenteret, der du har enkel tilgang til alle systeminnstillingane:

Og mens du med for eksempel Windows må betala fleire tusenlappar, og for dette berre får eit reint operativsystem, med knapt nokon program (minesveipar, kabal og litt til), får du Mandriva Linux heilt gratis, og tusenvis av medfølgjande program, alt i frå teksthandsaming til spel, inkludert mange barnespel og pedagogiske program, og veldig mange av dei på (ny)norsk. Det er for øvrig kjempelett å installera nye program (spesielt samanlikna med Windows). Og ja, du får òg minesveipar og kabal (med flott grafikk, og mange kjekke kabalvariantar) – og til og med eit tekokeprogram, som iallfall eg har hatt stor nytte av!

Elles, viss du ønskjer One-utgåva, er det viktig å vera klar over at denne kjem i fleire språkversjonar, og standardutgåva støttar berre engelsk og dei største europeiske språka, ikkje norsk. For oss norskar er det «extra-i18n»-utgåva som gjeld. Denne kan du for eksempel lasta ned direkte frå ein tenar i Norge.

Til slutt: Sjølv om Mandriva Linux er gratis, er det ikkje gratis å laga. Eg vil derfor anbefala deg å abonnera på Powerpack-utgåva. Då får du, i tillegg til å støtta utviklinga av Mandriva, òg nokre kommersielle program med på kjøpet, og to utgåver av Powerpack (denne og neste) i året, alt dette for 59 euro (under 500 kroner). Viss du berre vil ha den gjeldande Powerpack-utåva, får du ho for 49 euro.

Kommentarar

Av Anders-Meyer Eldøy på 2008-10-09:

Det ser stadig betre og meir brukarvennleg ut for Linux-distribusjonar, men det er diverre ikkje noko vits med Linux-bruk for mitt vedkommande før ein kan bruke Adobe-pakka. Veit du noko om det vil bli mogleg? Eg trur eg las det ein gong.

Av Karl Ove Hufthammer på 2008-10-09:

Anders-Meyer, kva meiner du med «Adobe-pakka»? Er det nokon spesifikke program du saknar?

For Adobe Reader finst det mykje betre alternativ for Linux, som Okular i KDE 4.

For Adobe Acrobat er faktisk ikkje det programmet nødvendig, då iallfall alle KDE-program støttar direkte utskrift til PDF. Det same gjer OpenOffice.org.

Visse versjonar av Adobe Photoshop, iallfall versjon 6.0 til CS, samt delvis CS2, kan ein visstnok få til å fungera veldig godt under Linux, via Wine.

For noko Photoshop-funksjonalitet finst det brukbare Linux-alternativ, for eksempel digiKam (med showFoto og alle programtillegga og filtera) for bilethandsaming til heimebruk, og i framtida trur eg Krita vil verta ein god konkurrent til Photoshop (har allereie nokre avanserte funksjonar som Photoshop manglar, men er enno for uferdig og ustabil).

Ein har altso ikkje enno ein fullstendig Photoshop-konkurrent (nei, Gimp er altfor dårlig, og har eit elendig brukargrensesnitt), men det kjem, samtidig som Photoshop vert betre og betre støtta i Wine. Og ein har fleire gode konkurrentar til Photoshop-konkurrentane på Windows, for å seia det slik.

For Adobe Illustrator er Inkscape blitt ein imponerande konkurrent for mange bruksområde (men er eit litt annleis program). Kjempeflott program.

Av Anders-Meyer Eldøy på 2008-10-09:

Adobe-pakka for meg er «Adobe Creative Suite», industristandarden for programvare innan alt frå webdesign, grafisk design og andre kreative visuelle yrke.

Eg har prøvd mange av dei alternativa du nemner over, men dei kjem aldri heilt opp er eg redd …

Av Åsmund Skjæveland på 2008-10-10:

Eg har blitt veldig glad i pakkebiblioteket til Debian og Ubuntu. Kor stort er Mandriva sitt tilsvarande system?

Av Karl Ove Hufthammer på 2008-10-10:

Åsmund, Debian er nok den distroen med flest pakkar, men Mandriva har òg eit godt utval. Eit kjapt søk indikerer litt over 18 000 pakkar, so du vil nok finna det meste du treng …

Av Odin Omdal Hørthe / Velmont på 2008-10-19:

Sers imponerande! KDE hev alltid vorte mykje betre omsett enn Gnome, er det du som er den KDE-elskande nynorskingen? Men eg likar Ubuntu og Gnome for godt til å byta til noko anna. So skjer ikkje stort der.

Forresten er Gimp dritbra, og eg vert sint kvar gong nokon segjer han ikkje er god nok. Då eg jobba som lærar i media og kommunikasjon hadde elevane PS og eg Gimp; det er personen som brukar programmet det stend på – ikkje på verktyet i seg sjølv!

Gimp er eit yverlegent program, no når GEGL faktisk er inne i Gimp fær han til slutt endeleg redigering med høg bitdjupne. Det hev faktisk mangla. ;)

Av Karl Ove Hufthammer på 2008-10-19:

Eg held på med omsettinga av KDE, ja, men det er fleire som har vore inne (først Gaute Hvoslef Kvalnes, som omtrent omsette heile KDE åleine). Men i snitt har me dei siste åra hatt mindre enn éin person som har arbeidd aktivt med nynorskomsettinga. Eg gjer litt, men manglar tid (og lyst) til å gjera alt på eiga hand, so me manglar absolutt folk (reine korrekturlesarar er òg velkomne). Men i hovudsak er nynorskomsettinga av KDE ganske komplett (og god), og vert vedlikehalden, so det meste og viktigaste skal vera omsett.

Elles er kanskje Gimp teknisk funksjonelt OK, men brukargrensesnittet er veldig dårlig. Etter mi meining, altso.

Av Eivind Ødegård på 2008-11-06:

Hm.

Det ser veldig fint ut med nynorsk Mandriva. Eg har so langt funne meg godt til rette med apt og det faktumet at Mandriva (rett meg viss eg tek feil) har ein «plussversjon», og det likar me vel ikkje. Difor so langt Ubuntu.

Uff. Kan det ikkje finnast ein god, oppdatert og smart Debian-distribusjon med skikkeleg god nynorsk?

Av Karl Ove Hufthammer på 2008-11-09:

Eg skjønar ikkje kva du meiner, Eivind. viss du ikkje likar at det finst ein «plussversjon» (er det PowerPack du meiner?), er det vel berre å ikkje velja denne.

Omtrent alle distroar har kommsersielle «plussversjonar», som tilbyr kundestøtte og anna, og det er basert på dette dei kan overleva.

Eg forstår heller ikkje korfor du vel Ubuntu, som absolutt kan seiast å vera ein «minusversjon» når det gjeld språkstøtta.

Forresten, kva er du har med apt som du manglar med verktøya i andre distribusjonar, og som dermed gjer dei uaktuelle?

Av Eivind Ødegård på 2008-11-10:

Orsak. Eg ser eg kan ha uttrykt meg unøyaktig. Altso:

Eg har ingenting imot Mandriva, men eg har sans for at alle får tilgang til same programvare. Difor er eg litt skeptisk til Powerpack og liknande utgåver – men eg veit godt at alle står fritt til ikkje å velja den kommersielle utgåva, og at det gode med den kommersielle er at ho ideellt sett gjev selskapet råd til å utvikle den frie utgåva og i det heile greie seg. Firma må få overleva, spesielt om dei driv med noko fint (td. Linux). Litt både òg, altso.

Eg er òg einig i at Ubuntu er dårleg på språk. Det ser vel dei fleste. Grunnane til at eg har valt Ubuntu so langt, er vel eigentleg mest historiske … Eg byrja med Red hat 7.2 (trur eg det var). Det var ein fin distro, men eg sleit med å skjøne koss eg skulle installere program utan å koma i klammeri med pakkekrav … Og eg hadde dårleg nettilknyting då, og få å spørja om hjelp.

Difor kom Debian og «apt-get alt muleg» inn som ein reddande engel. Men med Debian fekk eg ikkje utan vidare lov å gå inn på alle deler av mi eiga datamaskin (CD og seinare USB-penn), og det var trått å setja opp maskina so ho verka skikkeleg. Det same var tilfelle med Mandrake òg på den tidi, i alle fall etter det eg prøvde. Rpmdrake var, slik eg hugsar det (eg hugsar truleg ikkje heilt feilfritt), ikkje problemfri den heller. Eg var ikkje då, og er heller ikkje no, nokon ekspert på datamaskiner eller Linux.

Ubuntu var fyrste distribusjonen eg prøvde der eg fekk lov å gå inn på minnepennen min - han kom til og med opp av seg sjølv! Oj! Dette likte eg sopass godt at eg har halde meg der sidan. Alt i alt er grunnane:

1. Apt
2. God maskinvarehandtering då eg byrja med Ubuntu.

Eg fekk prøve Mandriva 2008 (? i alle fall nest siste utgåva) no i helgi, og det ser bra ut. Rpmdrake gjorde òg det same som apt-get gjer … Hehe.

Alt skriveriet so langt leier meg vel eigentleg til eit par enkle spørsmål: Free edition eller One? Og er det noko poeng i å bruke Gnome i Mandriva?

Beste helsing Eivind

Av Karl Ove Hufthammer på 2008-11-10:

Eg har ingenting imot Mandriva, men eg har sans for at alle får tilgang til same programvare.

Og det er sjølvsagt ikkje mulig når det gjeld kommersiell, proprietær programvare. Berre for å klargjera: Mandriva (i motsetning til fleire andre distroar) held ikkje tilbake noko fri programvare. Uansett kva versjon du vel, har du tilgang til all programvaren som kan distribuerast. Dette gjeld altso all fri programvare, men òg noko ikkje-fri programvare, som drivarane frå NVIDIA og ATI.

Og verktøya brukt til å bygga Mandriva er tilgjengelige, slik at du kan laga din eigen versjon. Til samanlikning byggjer Ubuntu på ikkje-fri, proprietær og hemmelig programvare, som Launchpad.

Difor kom Debian og «apt-get alt muleg» inn som ein reddande engel.

Det er verdt å merka seg at Mandriva òg har slik programvare, både grafisk og kommandolinjebasert. I kommandolinjeversjonen skriv du for eksempel

urpmi neverball

for å installera spelet Neverball. I den grafiske versjonen kan du navigera via kategoritreet (som tilsvarar programstartmenyen), bla deg gjennom lista over program eller søkja etter program etter programnamn eller programskildringar. Du kan for eksempel enkelt få ei oversikt over alle pakkar i kategorien «Spel → Kortspel», om du er interessert i det.

I tillegg får du automatisk varsel når det finst oppdateringar til pakkane.

2. God maskinvarehandtering då eg byrja med Ubuntu.

Mandriva har i mange år vore kjend for å vera ein av distroane med best maskinvarestøtta. (Dette var òg grunnen til at eg først valde Mandriva; det var den einaste distroen som verka med den nye maskina mi.)

Alt skriveriet so langt leier meg vel eigentleg til eit par enkle spørsmål: Free edition eller One?

Det kunne verka som du mislikte ikkje-fri programvare, so då er Free-utgåva tingen. Men om du ønskjer å bruka for eksempel dei ikkje-frie 3D-drivarane frå NVIDIA eller ATI, eller ikkje-frie drivarar til trådlaust nettverkskort, må du velja One. Uansett har du tilgang til all programvaren uansett kva versjon du vel. Vel du Free-utgåva, kan du henta ned dei ikkje-frie pakkane frå Internett (via urpmi/rpmdrake, som vert sett automatisk opp), og vel du One (som er ein CD, ikkje ein DVD, og derfor inneheld færre program), kan du gjera det same for dei programma som ikkje følgjer med på CD-en.

For øvrig er det verdt å merka seg at det finst mykje meir programvare tilgjengelig via urpmi/rpmdrake enn det som er med på diskane til både One, Free og PowerPack. Viss ein skulle lagt ut alt på diskane, måtte ein hatt mange DVD-ar!

Og er det noko poeng i å bruke Gnome i Mandriva?

Sjølvsagt, viss du føretrekker GNOME. Mandriva er ein distro som er like god på både GNOME og KDE, og ikkje har ein preferanse for eitt av skrivebordsmiljøa, i motsetning til for eksempel Fedora / Red Hat, som er best på GNOME, og SUSE, som er best på KDE.

Av Eivind Ødegård på 2008-11-10:

Det kunne verka som du mislikte ikkje-fri programvare

Det skreiv eg ikkje. Eg bidreg helst til fri programvare, men bruker gjerne gratis programvare. Og det var faktisk nytt for meg at det finst distribusjonar som held att fri programvare (eg har ikkje undersøkt dette) – har dei lov til det? Du har heilt rett når det gjeld Launchpad.

Elles skriv eg dette frå live-cd-en til Mandriva One 2009. Det er fine greier, minnepennar og musikkspelarar blir automontert (men bilete på kamera blir ikkje auto-importert), trådlaust net rett opp, og sjølve miljøet (eg bruker Gnome for augeblinken) ser fint ut. Veldig bra fyrsteinntrykk – eller andreintrykk, då. Sist gong, for fleire år sidan, brukte eg Mandrake og ikkje Mandriva.

Hm. Det kan hende Mandriva har verva meg her. Eg må prøve distribusjonen litt til fyrst.

Beste helsing Eivind

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

 

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med Movable Type 3.34. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.