1. juni 2003 (oppdatert 25. august 2005)
For nokre dagar sidan vart Mozilla 1.4 RC1 klar for nedlasting. Det er ingen viktige nye funksjonar her, men mange feilfiksar.
Du kan lasta ned Mozilla frå den offisielle nedlastingssida. Sørg òg for å få med deg versjonsnotata.
Eg har ein uferdig testspråkpakke på nynorsk klar. Denne inneheld sjølvsagt språklige feil og manglar, og det er 120 ikkje-omsette «tekstar», men han skal vera fullt brukbar. Kommentarar til det som er omsett er som vanlig svært velkomne på e-post.
Ein bokmålsspråkpakke ligg for øvrig på prosjektsida til bokmålsomsettinga.
Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med Movable Type 3.34. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.