Mozilla 1.4b ute

9. mai 2003 (oppdatert 25. august 2005)

For eit par dagar sidan vart Mozilla 1.4b klar for nedlasting. Det er ingen viktige nye funksjonar, men mange feilfiksar og mindre forbetringar.

Du kan lasta ned Mozilla frå den offisielle nedlastingssida. Sørg òg for å få med deg versjonsnotata.

Eg har ein uferdig testspråkpakke på nynorsk klar. Denne inneheld sjølvsagt språklige feil og manglar, og det er rundt 100 ikkje-omsette «tekstar», men han skal vera fullt brukbar. Kommentarar til det som er omsett er som vanlig svært velkomne på e-post.

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

 

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med Movable Type 3.34. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.