10. april 2003 (oppdatert 25. august 2005)
Det finst haugevis med nettaviser og andre nyheitssider på Internett. Men blant alle desse finst det éi eg er spesialt glad i – Mylder. Mylder samlar nyheiter frå (for tida) 112 norske nyheitskjelder, og presenterer desse samla på ei eiga side.
Det som er so kjekt med Mylder, er at det er ingen forstyrrande element på sida. Dei siste nyheitene blir vist som ei lang liste med artikkeltitlar, med lenkjer til heile artiklane. Og tar du musepeikaren over ein tittel, blir heile ingressen vist som verktøytips. (Dette er forresten noko andre nettaviser godt kunne begynt med. Eg tar stadig peikaren over lenkjer til artiklar på slike sider, av rein «Mylder-vane», og blir alltid like skuffa når det ikkje dukkar opp noko.)
Alle nyheitene er sortert i kategoriar, sånn at du kan velja å berre sjå for eksempel data- eller kulturnyheiter. Du kan òg søka etter gamle artiklar (250 dagar tilbake i tid).
Mylder er eit perfekt verktøy til å halda seg oppdatert på det aller siste som har skjedd, og er spesielt kjekk å ha i saker med laupande utvikling (eksempelvis gisselsituasjonar). Anbefalast på det varmaste.
Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med Movable Type 3.34. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.