Navigasjonslinja i Mozilla

2. juni 2003 (oppdatert 25. august 2005)

Arve Bersvendsen skriv om navigasjonsstripa i Opera, som gjer det lettare å navigera på nettsider. Då føler eg meg nesten forplikta til å nemna tilsvarande funksjon i Mozilla … ☺

Navigasjonslinja i Mozilla er ei verktøylinja med oversikt over vanlige lenkjer (som «førre», «neste» og «søk») på sider som har slike skrivne inn. Dette gjer det veldig greitt å finna fram på nettstadar, utan å måtta leita etter kor forfattaren har plassert for eksempel søkeknappen.

Merk for øvrig at Mozilla, i motsetning til Opera, viser titlane på lenkjene/knappane (viss dei er skrivne inn) når du held peikaren over dei. Då kan du lett sjå nøyaktig kva «neste» er for ei sida. Sjå for eksempel fastlenkja til dette innlegget for å sjå korleis alt dette fungerer i praksis.

For å setta på navigasjonslinja går du til «Vis | Vis/skjul | Nettstadnavigasjonslinje¹». Her kan du velja om linja skal visast heile tida, eller berre på nettstadar som inneheld dei relevante lenkjene.

¹ Eg ser dette var eit litt langt ord. Skal forkorta det til «Navigasjonslinje» i neste språkpakke.

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

 

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med Movable Type 3.34. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.