Nedetid og manglande blogging

27. mai 2003 (oppdatert 25. august 2005)

Grunnen til den manglande aktivitet på denne bloggen dei siste dagane er todelt. Vevleverandøren eg brukar, Spenix hadde ein «major hardware failure», og (reservekopiar av) alle nettstadane måtte flyttast til ein annan tenar. Derfor var bloggen utilgjengelig halvannan dag, og eit innlegg eller to gjekk tapt. (Men eg får refundert utgiftene for denne månaden.)

Det gjekk for øvrig òg litt e-post tapt under krasjet. Har du sendt meg e-post i det siste som du ikkje har fått svar på, so send han igjen.

Elles har eg vore opptatt med forskjellige ting i det siste, hovudsaklig eksamenslesing, og har derfor prioritert vekk å oppdatera bloggen. Resultatet av dette ser me i morgon, når eksamen er. Det blir fælt! ☹

Kommentarar

Av Jesro Christoffer Cena på 2003-05-27:

Hmmm. Dette forklarar kvifor eg ikkje fekk tak i e-posten min i dag tidleg. Men det verkar ikkje som om eg har mista noko. Jaja …

Du får ha lukke til på eksamen!

Av Karl Ove Hufthammer på 2003-05-27:

Nei, det har ikkje noko med det å gjera. Dette gjaldt berre cz-tenaren, og problemet vart fiksa for fleire dagar sidan.

Eksamen kjem eg tilbake til med full rapport om i morgon.

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

 

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med Movable Type 3.34. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.