30. november 2003 (oppdatert 25. august 2005)
Det er ikkje lett å finna gode fargar som passar saman når ein lagar nettsider. Her nokre nyttige verktøy til hjelp med dette:
Med ColorMatch 5K brukar du glidebrytarane til å velja ein farge du likar, og fem andre fargar som passar med denne blir vist i kvar sin boks. Du kan òg trykka på desse fargane for å bruka dei som «grunnfarge» for fem nye alternativ.
QuickColor er ei Flash-utgåva av same tenesta (men av ein annan forfattar), og fungerer i fleire nettlesarar.
Technicolor er ei liknande tenesta, og gjev 12 forskjellige fargar.
EasyRGB gjev 13 fargar, og etter ei heilt anna oppskrift. Her får du blant anna ei mørkare og ei lysare utgåva av grunnfargen du har valt.
Til slutt vil eg nemna ei flott fargetenesta til. Rundt kvar tiande mannlige besøkar på nettsida di har ei eller anna form for fargeblindheit, og du bør sjølvsagt sørga for at fargane fungerer for desse òg. Her kjem Vischeck inn i bildet. Denne tenesta viser deg korleis nettsida vil sjå ut for ein som er fargeblind. Tenesta støttar både bilde og fargar definert i stilsett, og er i tillegg tilgjengelig som eit programtillegg for ditt favorittgrafikkprogram. Vel verdt å sjå nærare på.
Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med Movable Type 3.34. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.