24. april 2003 (oppdatert 25. august 2005)
Verre start på dagen kan ein knapt få. Nettavisa Kampanje melder nemlig at «NRK dropper Hovedscenen». Hovedscenen har vore omtrent det einaste skikkelige kulturprogrammet på norske kanalar, og er eit program eg verkelig har sett pris på.
Hovedscenen har tidligare sendt fantastiske heilaftens operaforestillingar med songarar i verdsklasse (eksempelvis Cecilia Bartoli og Anne Sofie von Otter). Dei har sendt klassiske konsertar, ballettar (ikkje av interesse for meg, men likevel bra at dei har sendt det), og til og med ikkje-klassiske innslag, for eksempel nysirkus og konsert med Eric Clapton (absolutt av interesse for meg).
Hovedscenen på fredagskveldane har lenge vore eit av høgdepunkta i veka. Og no skal dei legga det ned. Det kan verka som om NRK gradvis kuttar ut all kultursatsing. Eg er såra og vonbroten.
Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med Movable Type 3.34. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.