NRK-radio over Internett

21. juni 2003 (oppdatert 25. august 2005)

NRK har fleire gode radiokanalar, som dei òg har gjort tilgjengelig over Internett. Men hører du på radioen over Internett hørest det ut som opptaka er gjort 20 meter under vatn – med defekt mikrofon. Lydkvaliteten er rett og slett forferdelig, sjølv med høgste kvalitet valt.

Her kjem Høgskolen i Østfold inn. Dei har i fleire år sendt ut NRK-kanalane i høg kvalitet over Internett – tilgjengelig for alle. For tida sender dei seks kanalar i 128 kbps MP3. Dette er like god kvalitet som mange byttar musikk i!

Sjølv hører eg mykje på radio, for det meste gjennom Høgskolen i Østfold. Dette er ei kjempeflott tenesta! Eg har òg sett opp automatisk nedlasting av dei programma eg er interessert i.

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

 

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med Movable Type 3.34. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.