26. juni 2003 (oppdatert 25. august 2005)
Eg er glad for endelig å kunna melda om ein ny nynorsk språkpakke for Mozilla.
Språkpakken, med kodenamnet «ut i verda», skal fungera med Mozilla 1.4 RC2, RC3 og sluttutgåva, på alle plattformer.
Men ikkje nok med det; han inneheld òg nynorskomsetting av nyaste (test)utgåver av
Elles er eg som vanlig interessert i feilrapportar og forslag til forbetringar av omsettinga. Det gjeld spesielt omsettinga av Mozilla Calendar denne gongen.
Av Maria Bjørkedal Solheim på 2003-06-30:
Kan eg få spørre om noko så dumt som: Kva er Mozilla? Eg har aldri høyrt om det før.
Av Karl Ove Hufthammer på 2003-06-30:
Mozilla er ein nettlesar, eit program som du brukar til å sjå nettsider med. (To andre nettlesarar er Internet Explorer og Opera.)
Av dei tre nettlesarane nemnt her, er Internet Explorer den dårligaste, både teknisk og når det gjeld brukaropplevinga.
Ein av dei meir kjekke funksjonane med Mozilla, er automatisk blokkering av sprettoppvindauge. Eg har ikkje sett eit reklamesprettoppvindauge på fleire år. Veldig behagelig!
Ein annan grei funksjon er faner, der du kan ha oppe mange nettsider samtidig i kvar si «fane». Du kan då hoppa mellom sidene ved å trykka på små knappar (faner) under verktøylinja. Det er vanskelig å forklara på kort plass, men du kor behagelig å bruka!
Du kan òg ha gruppebokmerke, som er bokmerke med mange forskjellige sider. Eg har for eksempel eit gruppebokmerke med alle bloggane eg les (fleire titals bloggar). Då treng eg berre trykka på eitt bokmerke, og alle bloggane blir automatisk opna i kvar sin fane. Eg kan då bruka «Ctrl + F4» for å lukka dei etter kvart.
Kort sagt er Mozilla ein veldig grei, gratis nettlesar, tilgjengelig på nynorsk, og som er kjempekjekk å bruka.
Det finst òg ei fin oversikt over 101 grunnar Mozilla er betre enn Internet Explorer.
Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med Movable Type 3.34. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.