Nynorsk språkpakke for Mozilla 1.5 RC2

5. oktober 2003 (oppdatert 25. august 2005)

For litt over ei veka sidan kom Mozilla 1.5 RC2 ut. Av ein eller annan grunn har eg klart å sutla vekk tida mi so mykje at eg ikkje har fått gitt ut ein nynorsk språkpakke for denne. Men no er språkpakken klar.

På grunn av den nemnte tida er dette berre ei rask oppdatering. Det finst ein del tekstar som ikkje er omsette, spesielt i ChatZilla. Dette skal eg fiksa på etter kvart. Ein person har òg komme med ein omfattande korrekturlesingsrapport som eg vil retta opp omsettinga etter.

Elles er eg som vanlig interessert i feilrapportar og forslag til forbetringar av språkpakken.

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

 

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med Movable Type 3.34. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.