13. april 2003 (oppdatert 25. august 2005)
I påskegrøssaren De utvalgte dør folk på mystisk vis, for deretter å forsvinna og dukka opp igjen, noko dei busette ser ut til å ta ganske med ro. Dei blir iallfall buande, med ein mordar, og minst eit par skrømt i huset. Elles var gårsdagens episode prega av billige effektar og eit dårlig manus. Og slik held det nok fram, i alt for mange episodar. Men – eg følgjer med vidare. Det har jo ein viss underhaldningsverdi.
NRK1 avslutta kvelden med den godt under middels filmen De uskyldige små. Det kunne dei godt spart oss for.
Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med Movable Type 3.34. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.