Påskekrim – dag 3

14. april 2003 (oppdatert 25. august 2005)

Eg fekk då med meg De utvalgte i går òg. Der var ein av hovudpersonane so uheldig at han borte på seg ei tatovering. Slikt kan sjølvsagt skje den beste.

Elles var det ingen som ville hjelpa til med å bera liket ned og dumpa det i brønnen (?) i kjellaren, so stakkars Tor måtte gjera det sjølv. Det klarte han sjølvsagt ikkje. Han fann ikkje vegen! Det er visstnok ikkje so lett å hugsa forskjell på venstre og høgre. Det mest dramatiske i denne episoden, var for øvrig at nokon hadde sølt vatn på golvet. Skummelt!

Heldigvis har me andre påskekrimmar å sjå fram til i kveld. NRK1 sender Poirot-serien Hvem skrev til Louise? og TV 2 slår til med Arr i sjelen. Ved hjelp av ein videopptakar reknar eg å få med meg alle.

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

 

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med Movable Type 3.34. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.