15. april 2003 (oppdatert 25. august 2005)
NRK2 held fram med påskegrøssaren sin De utvalgte. Der driv manusforfattarane og spinner stadig nye lause og meiningslause trådar, som dei slepp å nøsta saman. Dei slapp tydeligvis opp for gode idéar allereie før første episode. I kveldens episoden trakk dei inn Amundsen. Det vart berre tåpelig, og resten av episoden forbigår me i stillheit …
Heldigvis fekk me eit alternativ i går, med Poirot-serien Hvem skrev til Louise?. Denne var slett ikkje dårlig, men klok av skade burde eg stilt opp med notatblokk for å få med meg alle namna og personanae, og forholda mellom dei. Det gjorde eg ikkje, og no er eg berre forvirra. Likevel likte eg episoden, og ser fram til løysinga.
Kveldens høgdepunkt var heilt klart TV 2s Arr i sjelen. Dette er ein kvalitetsserie, med gode skodespelarar (han eine har eg visst sett i dei fleste britiske seriar), godt manus og ei spennande historia. Dei klarte til og med å få inn litt humor i serien, utan at det vart kunstig, påtvunge og/eller dårlig. Slik likar me.
Den førebels hovudmistenkte er sjølvsagt broren til etterforskardama. Han driv med programvareutvikling, er passelig feminint utsjåande, og har blitt meir eller mindre tilfeldig presentert i serien. Men eg reknar likevel med det er eit blindspor. Arr i sjelen består for øvrig av mange episodar, so det er nok av plass til nye vendingar. Me har mykje å gleda oss til!
Minner for øvrig om hørespelpåskekrimmen Piken og døden som kjem på NRK P1 i kveld. Det blir ikkje lett å få med seg alt!
Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med Movable Type 3.34. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.