Påskekrim – dag 5

16. april 2003 (oppdatert 25. august 2005)

Hos De utvalgte skjedde det i går ingenting dramatisk. Det hadde serien godt av. Og det hadde me alle godt av.

Elles fekk me oppklaringa av Poirot-mysteriet Hvem skrev til Louise?. Denne serien kunne godt vart lenger, slik at me kunne blitt kjent med personane før Poirot avslørte det heile. Men i det heile er eg rimelig fornøgd likevel.

David Suchet held for øvrig framleis på med å spela inn Poirot-seriar, so det kan godt henda me er heldige og møter denne artige, litle belgiaren til neste påska òg. Men allereie i kveld blir det ny påskekrim, med Kriminalsjef Foyle. Denne ventar eg mykje av!

Arr i sjelenTV 2s vart overraskande nok oppklart allereie i går. Det er rett nok seks episodar, men desse er delt inn i tre ulike historiar, kvar på to episodar (noko som eigentlig er greitt nok).

Som eg skreiv i går, var broren eit blindspor. Det viste seg at mordaren var ein person me ikkje hadde møtt før. Vanligvis mislikar eg dette i påskekrimmar, men syntest det fungerte OK her. For øvrig er dette den beste serien til no denne påska.

Hørespelet Piken og døden fekk eg først hørt i reprisen i dag. Vel, eg har hørt betre hørespel, men det tar seg kanskje opp?

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

 

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med Movable Type 3.34. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.