17. april 2003 (oppdatert 25. august 2005)
I De utvalgte fekk me i går veta det som heile tida har låge i korta – at hovudpersonane alle er etterkommarar av ein gjeng oppdagingsreisande. Det kom òg ein fyr frå geologisk institutt og slo ned alle saman. Det var like greitt!
På nabokanalen etterforska Kriminalsjef Foyle, og han gjorde ein rett so god jobb. Dette var verkelig kjekt, og eg håpar NRK har vett til å kjøpa inn framtidige episodar/filmar i serien (desse er so vidt eg har forstått under produksjon).
På TV 2 starta ein ny historie i serien Arr i sjelen. Det er ein skikkelig spennande serie, og noko det beste kanalen har sendt på år og dag.
Eg fekk med meg reprisen av hørespelet Piken og døden og må dessverre melda at det er eit av dei meir uengasjerande hørespela eg har hørt på åresvis.
Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med Movable Type 3.34. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.