Påskekrim – dag 7

18. april 2003 (oppdatert 25. august 2005)

Jøss, no har me allereie hatt sju dagar med påskekrim, og eg er framleis ikkje lei. Vel, eg er sjølvsagt litt lei De utvalgte, men gårsdagens episode var iallfall den beste. Han var faktisk sjåverdig.

Elles imponerte Kriminalsjef Foyle stort. Dette er ein fantastisk god serie. Ikkje berre er han god i sjølve kriminalgåtene – han klarer òg å integrera bakgrunnshistorien (krigen) i fortellinga, og tar opp interessante «moralske» spørsmål i samband med dette. Og skodespelarane er alle framifrå, og perfekt rollesett. Spesielt Honeysuckle Weeks i rolla som sjåføren Sam er heilt herlig.

Serien Arr i sjelenTV 2 er som tidligare nemnt òg bra, men eg synest ikkje historien i desse to episodane var like god som den første.

Hørespelet Piken og døden får eg først med meg i reprisen i kveld.

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

 

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med Movable Type 3.34. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.