Påskekrim – dag 8 og 9

20. april 2003 (oppdatert 25. august 2005)

Det har skjedd mykje hos De utvalgte, og dei siste episodane har faktisk ikkje vore dei verste. Men heile serien er dårlig. Eg ser fram til at han er slutt, sjølv om ein aldri vil klara å finna ei god «løysing» på det heile.

Siste episode av Kriminalsjef Foyle var derimot god. Det er ein genial serie dette. Men me fekk dessverre ikkje med oss ~den siste scenen, då me tok opp både Foyle og De utvalgte på video, og vidoen bytta kanal heilt mot slutten av førstnemnte. Viss nokon fekk med seg episoden, og kan fortella kva som skjedde ved/etter eksplosjonen (?) mot slutten, vil eg setta pris på å få høra dette (bruk kommentarfunksjonen eller send ein e-post).

Serien Arr i sjelen er òg slutt no. Det var ein god serie, men det er to ting som irriterte meg litt:

Og hørespelet Piken og døden har vore so kjedelig at eg to gongar har småsovna når eg har hørt det (dette gjaldt reprisen midt på dagen, og ikkje kveldssendinga!). Huff

Elles er påska snart ferdig, og i morgon reiser eg «heim» igjen. For de som er lut lei av å lesa kva eg synest om påskeseriane, kan eg opplysa om at det framover blir snakk om heilt andre ting her i bloggen. ☺

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

 

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med Movable Type 3.34. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.