22. april 2003 (oppdatert 25. august 2005)
I går gjekk siste episode av påskekrimmen De utvalgte. Det var på tide!
Slutten var for øvrig like dårlig som resten av serien, eller kanskje litt dårligare. Det verkar som manusforfattarane berre dikta opp nye meings- og poenglause ting heile tida, berre for å fylla opp handlinga med noko. Nei, huff.
For øvrig var ikkje dette originalslutten. Første gong serien vart sendt, var han i 13 episodar. Han vart seinare sendt på nytt, i 12 episodar og med ny slutt. Det var denne utgåva me fekk sjå i påska. Forhåpentligvis klarer NRK2 å komma opp med noko betre til neste år.
Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med Movable Type 3.34. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.