Årets påskekrimmar

12. april 2003 (oppdatert 25. august 2005)

Eg har alltid syntest at påska er den kjekkaste høgtida, delvis grunna all påskekrimmen. I år sender NRK 4 forskjellige påskekrimmar (fordelt på to fjernsynkanalar og éin radiokanal), og TV 2 sender éin.

NRK2 sin påskekrim, De utvalgte, starta allereie i går, fredag. Og frå første scene skjedde det mystiske og uforklarlige ting. Deretter berre utarta det … Nja, ikkje heilt det store, dette. Eg likar ikkje påskekrimmar med «overnaturlige» fenomen – då kan ein berre gje opp å «avsløra mordaren» og finna ei logisk forklaring på det tilsynelatande uforklarlige (overnaturlige løysingar er ein altfor lettvint utveg for manusforfattarar som ikkje greie å nøsta saman trådane dei sjølv har spunne!). Har elles inntrykk av at denne serien er meint meir å slå an blant «ungdommar». Og når det skjedde so pass mykje «mystisk» i første episode, har eg vanskar med å sjå korleis dei kan klara å fylla dei resterande 11. Men uansett håpar eg å få med meg heile serien. Han er jo litt spennande – og skummel …

Elles sender NRK1 endå ein serie med Poirot – Hvem skrev til Louise?. Poirot har alltid vore ein av mine favorittar, spesielt med David Suchet i hovudrolla. Suchet er for øvrig ein rett so habil skodespelar, som har vore med i fleire andre filmar og seriar. Såg han sist i denne ganske greie filmen Stemnemøte på søndagNRK2, der han nesten ikkje var til å kjenna igjen (han var so ulik Poirot). Reknar med han ikkje skuffar no heller. Handlinga går for øvrig føre seg i Bagdad, og det blir interessant å sjå korleis byen blir framstilt her.

Litt seinare i veka held NRK1 fram med endå ein påskekrim – Kriminalsjef Foyle (originaltittel: Foyle’s War). Dette er halvannan time lange episodar, og første episode – The German Woman – vart faktisk sendt som film på NRK2 for ikkje so lenge sidan. Denne blir so vidt eg kan sjå ikkje sendt på nytt no. Etter det eg kan hugsa, likte eg denne «filmen» veldig godt når eg såg han, og reknar med resten av episodane held same kvalitet. Det er vel eigentlig best at denne episoden ikkje blir sendt; han inneheld ein scene eg aldri gløymer, ein med ein pianostreng. Får vondt inni meg berre eg tenker på denne.

TV 2 held fram med tradisjonen med å senda valdelig påskekrim med sterke innslag av sex. Denne gongen har dei visstnok overgått seg sjølv, med serien Arr i sjelen. Synest ikkje dette passar spesielt bra som påskekrim, men ser likevel fram til å få med meg serien.

Elles sender NRK P1 hørespelet Piken og døden. Radioteater er noko av det kjekkaste eg veit om, og dette ser bra ut. Krim er best på radio! Det blir litt kollisjonar mellom dei ulike påskekrimmane, men me har då heldigvis video- og kassettopptakar.

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

 

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med Movable Type 3.34. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.