9. april 2003 (oppdatert 25. august 2005)
Gjennom bloggen til Eric Meyer fekk eg tips om ei fantastisk samling programbokmerke, eller «bookmarklets», små programsnuttar du kan lagra og bruka som bokmerke.
Favoritten min her er eit bokmerke som gjev deg eit eige redigeringsvindauge for stilsett. Etter kvart som du skriv inn stilreglar, blir desse automatisk brukt på dokumentet. Utrulig praktisk ved utvikling av nettsider. Det finst òg bokmerke for sortering og transponering av tabellar, zooming av nettsider, vising av tilhørande stilsett, fjerning av ymse irriterande ting, og mykje, mykje meir, som er nyttig både for utviklarar og vanlige brukarar.
Bokmerkene fungerer i nyare, gode nettlesarar (vil i praktisk seia Mozilla og ofte Opera). Brukar du førstnemnte vil eg råda deg til å plassera bokmerkene i ei eiga mappe på lenkjelinja. Mappa fungerer då som ein nedtrekksmeny, og du får plasse til alle bokmerkene.
Bokmerkene finn du på programbokmerkesida til Jesse Ruderman.
Av Arve Bersvendsen på 2003-04-10:
Selv om Opera har endel av pluginene allerede (såsom «zap all») var disse svært nyttige.
Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med Movable Type 3.34. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.