Realfaglige referanseark

12. mai 2003 (oppdatert 25. august 2005)

I tilfelle det er andre som er so uheldig og skal ha eksamen i eit eller anna realfag (matematikk, statstistikk, fysikk, kjemi, programmering eller liknande) i næraste framtid, tenkte eg eg skulle tipsa om ein flott nettstad med referanseark for desse faga.

Arka inneheld greie oversikter over både formlar, viktige teorem og eksempel på framgangsmåtar for løysing av ymse problem. Nokre av arka er òg nyttige for alle som brukar høgare matematikk (uavhengig av fag), eksempelvis integraltabellane og oversikta over trigonmetriske identitetar.

Merk at eindel emne har mange fleire ark enn dei som er tilgjengelig direkte frå framsida. Sjå inni dei eigne arkkatalogane for desse.

Av ein eller annan grunn har dei færraste læreboker slike oversiktlige samandrag av dei meste sentrale faktaa, formlane og framgangsmåtane stoffet dekkar. Dette er svært uheldig. Trulig ville det gjort både bøkene og eksamensresultata mykje betre. Dårlige lærebøker er for øvrig ein av kjepphestane mine.

Om bildet: Eg tenkte nesten eg måtte ha eit matematisk bilde som illustrasjon her, og dette var det mest nærliggande. Bildet viser eit sokalla Koch-snøflak, som er ei uendelig lang, kontinuerlig kurva som ikkje er deriverbar i noko punkt! Eg har handprogrammert bildet sjølv i PostScript, for å skryta litt. ☺

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

 

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med Movable Type 3.34. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.