Reservekopiar

7. juli 2003 (oppdatert 25. august 2005)

La oss tenka oss at harddisken din krasja, og du mista alt som var pÃ¥ han. Ville det vore litt – synd, kanskje? Rekna med det, ja. Derfor bør du ta ein reservekopi snarast! Med ein gong!

Ta kopi av alle dokument, lydfiler, bilde og e-post du ikkje har lyst å mista. Har du ein blogg eller ei heimesida, so ta òg reservekopi av filene/databasane her.

CD-ar fungerer utmerka for reservekopiar. Om du ikkje allereie har det, fÃ¥r du ein kjempegod CD-brennar for rundt 400 kroner, inkludert kablar og all nødvendig programvare.

Du vil aldri angra på ha tatt reservekopi, men kan komma til angra på å ikkje ha gjort det!

Kommentarar

Av Knut Haugen på 2003-07-07:

De fleste lærer ikke å ta reservekopi (leve norsk!) før man blir brent. Selv lærte jeg som student og fikk ekstremt god bruk for det litt etter.

Scenario: Ukeeksamen i programmering, jobbe hele natta mot slutten, natt til fredag (frist 09:00 fredag morgen) kl. 0330 ryker disken pÃ¥ maskinen jeg sitter pÃ¥. Da priset jeg meg lykkelig for cron-jobben som kopierte alt materiale over pÃ¥ en server med to timers mellomrom. Og den timen som hadde gÃ¥tt siden forrige kopiering hadde ikke medbragt noen kreative innslag heller, siden jeg ikke hadde sovet pÃ¥ 38 timer eller noe. Glemmer nok ikke reservekopi med det første, nei.

Av Øyvind Hoven Oftedal på 2003-07-09:

Same oppleving her. Då eg skreiv hovudoppgåva mi i nordisk, fekk maskinen eit samanbrot. Eg hadde heldigvis teke kopi av oppgåva like før. Eg trur óg det er slik at ein må oppleva kor nyttig ein slik kopi er før ein ser verdien av det. Her er dei fleste litt for sløve.

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

 

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med Movable Type 3.34. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.