6. juni 2003 (oppdatert 25. august 2005)
Eg oppdaga nylig ein nyttig funksjon i logganalysatoren AWStats (sjå den offisielle heimesida eller sida mi om nynorskomsettinga) som eg hadde oversett: Vising av sidenamn.
Som standard viser AWStats ei oversikt over dei mest besøkte sidene sånn:
Dette er jo greitt nok, men du må besøka sidene for finna ut kva som skjuler seg bak dei kryptiske adressene. Heldigvis finst det ei løysing på dette i AWStats. Du treng berre laga ei liste over adresser og namna på tilhørande sider. Statistikken blir då vist sånn:
Mykje betre! Og du slepp faktisk å laga lista manuelt. Det følgjer med eit skript, urlaliasbuilder, som kan besøka alle sidene i statistikken og lagra namna på dei i ei fil. Hugs for øvrig å legga til SkipUserAgents="urlaliasbuilder" i oppsettfila, sånn at besøka frå skriptet ikkje blir med statistikken.
Og brukar du Movable Type kan du endå lettare laga den nødvendige namn- og adressefila – heilt automatisk. For eksempel kan du sjå malen eg brukar.
Du kan sjå eit eksempel på korleis alt dette ser ut i praksis i sidestatisikken for denne bloggen.
Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med Movable Type 3.34. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.