8. april 2003 (oppdatert 25. august 2005)
Når du har di eiga nettsida, treng du vanligvis eit FTP-program for å lasta opp sidene. Det finst mange slike program, og det følgjer minst eit par med dei fleste operativsystem. Men felles for alle er at du må merkja eller skriva inn namnet på filene du vil lasta opp for å lasta dei opp. Med det programmet eg brukar, slepp eg faktisk det!
Når eg har oppdatert heimesida mi og skal lasta opp endringane, skriv eg berre:
sitecopy -oua
Då fer sitecopy gjennom alle filene på nettstaden, finn ut kven av dei som er endra, flytta eller sletta, og lastar opp, flyttar eller sletter desse på nettstaden – heilt automagisk.
sitecopy held ein lokal database over alle filene på nettstaden, med ein sjekksum for kvar fil. Når du ber programmet oppdatera nettstaden, går det gjennom alle filene i valt katalog og samanliknar sjekksummen (dette går kjempekjapt). Er sjekksummen forskjellig frå den i databasen, so er fila endra, og den nye versjonen blir lasta opp. (Du kan òg velja å samanlikna filene berre etter namn og dato, men då eg brukar automatisk genererte filer for sidene mine, er ikkje det aktuelt, sidan endringsdatoen blir oppdatert sjølv om innhaldet ikkje blir det.)
Programmet inneheld òg fleire andre nyttige funksjonar eg ikkje vil gå nærare inn på her. Hovudsaka er at sitecopy har spart meg for so mykje tid og stress med 1) å finna ut kva filer som er oppdaterte, 2) merkja desse, og 3) lasta dei opp (spesielt tidkrevande og kjedelig viss filene er spreidd langt nede i mange forskjellige katalogar).
sitecopy er heilt gratis, og tilgjengelig for både Windows, Linux og andre operativsystem. Alt du treng finn du på heimesida til programmet.
Elles kan eg legga til at eg har omsett sitecopy til nynorsk, utan at eg er serlig stolt over det. Forfattaren av programmet tenkte nok ikkje over at ikkje alle språk brukar same ordbøyingsmønster og setningskonstruksjonar som engelsk, og omsettinga kan derfor vera noko «ugrammatikalsk» til tider. Dette er det dessverre ingenting å gjera med.
Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med Movable Type 3.34. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.