Sjekking med Mozilla

3. juni 2003 (oppdatert 25. august 2005)

Arve Bersvendsen skriv om ein sjekkemeny for Opera, som gjer det lett å sjekka nettsider i alle slags validatorar/sjekkeverktøy. Mozilla kan sjølvsagt ikkje vera verre, og har sin eigen sjekkemeny – Checky.

Når du installerer Checky, får du ein meny med direktetilgang til veldig mange sjekkeverktøy, gruppert etter kategori. Sjekkeresultata blir automatisk opna i nye faner (eller vindauge, om du føretrekker det), og du kan førehandsvelja innstillingar for alle sjekkarar som har dette.

Ein annan veldig kjekk funksjon i Checky, er at du kan velja ei liste over sjekkarar, og so kjøra sida du er på gjennom alle desse samtidig, med eitt klikk. Praktisk!

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

 

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med Movable Type 3.34. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.