Songfretting

28. juni 2004 (oppdatert 25. august 2005)

Etter inspirasjon, og på oppfordring frå Marias stadig meir populære «Pop quizzz» (begynn eventuelt på slutten og bla deg bakover) kjem no ei prestisjefull lita songfretting i denne bloggen òg.

Delar av tre norske songtekstar er omsett til engelsk. Du skal finna tittel og (obs!) komponist. Omsettingane er med vilje noko direkte og lite kunstnarisk bra.

Premie: I utgangspunktet berre hederlig omtale. Men om du klarar alle tre får du eitt bonuspoeng! ☺

Skriv svar (på éin eller fleire av tekstane) som kommentar til dette innlegget. Songane er omtrent i stigane vanskegrad. Og me er i gong med første song!

Does he want more than that
double hamburger?

No blir det hakket vanskeligare – og meir «våvet»‽

And then you went in and stripped off your dress,
washed your hands, your neck and cheek …

Og til slutt:

And he who gets lost in his own soul,
God help him!

Oi, oi! Dette er ikkje lett. Men dersom nokre av desse er for vanskelige, kan eg nok avsløra nokre tekstlinjer til.

Kommentarar

Av Maria Bjørkedal Solheim på 2004-06-28:

Hm. Dette må sovast på.

Av Olaug Nilssen på 2004-06-29:

Song nummer to er Å, den som var ein løvetann med tekst av Alf Prøysen. Kanskje det er Alf Cranner som har laga melodien?

Av Karl Ove Hufthammer på 2004-06-29:

Det er heilt rett, Olaug. Grattis!

Og eg som trudde eg hadde vore so smart her, og trekt ut ei tekstlinja som var vanskelig å setta i samanheng med songen/diktet.

Den nyaste innspelinga til Alf Cranner av denne melodien er forresten berre heilt nydelig. Anbefalt!

Og Alf Cranner er vekas P2-artist no, og er å høra i halvtimes program kvar kvardag klokka 9:30 om morgonen, eller i nedlastbare MP3-opptak (berre tilgjengelig eit par veker).

Av Lasse Marøen på 2004-06-29:

Nummer én er Jan Eggums Ta meg med!

Av Karl Ove Hufthammer på 2004-07-01:

Gratulerar, Lasse! Det var heilt rett.

Og den norske teksten er:

Vil han ha mer enn den
doble hamburgeren?

Eg klarar ikkje heilt å bestemma meg for om dette er eit genialt eller eit forferdelig rim. Men eg heller mot det første.

Elles tvilar eg på nokon klarar siste song, so eg vel å utvida tekstutdraget litt:

The stars so red are twinkling,
and the sorrow has no shame.
And he who gets lost in his own soul,
God help him!

Denne skulle vera mulig å ta!

Av Lasse G. Dahl på 2004-07-01:

Øverland?

Av Karl Ove Hufthammer på 2004-07-01:

Jupp, jupp, jupp!

No treng me berre ein komponist, og so er me i boks! Eller noko sånt.

Av Karl Ove Hufthammer på 2004-07-01:

Æh, ja, eg treng tittelen òg.

Av Lasse G. Dahl på 2004-07-01:

Kan det stemme med «Der flakker så røde stjerner», og er komponisten Christian Sinding, mon tro?

Av Maria Bjørkedal Solheim på 2004-07-01:

Det viser seg at eg ikkje er så høg i hatten når eg må gjette sjølv.

Av Karl Ove Hufthammer på 2004-07-03:

Det stemmer, Lasse. Gratulerer! Den norske teksten er:

Der flakker så røde stjerner,
og sorgen har ingen skam.
Og den, som går vild i sin egen sjæl,
Gud hjelpe ham!

Eg må innrømma at eg ikkje forstår teksten eller symbolikken i denne. Kom gjerne med oppklaringar. Men eg synest uansett det hørest fryktelig skummelt ut å gå seg vill i si eiga sjel. Huff!

Elles har Sinding komponert mange gode melodiar til tekstar av fleire nordiske og tyske diktarar, som er vel verdt å lytta til.

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

 

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med Movable Type 3.34. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.