Speak Freely er død

1. august 2003 (oppdatert 25. august 2005)

Eg har i lengre tid vore ivrig brukar av IP-telefoniprogrammet Speak Freely. (Eg har skrive litt meir om programmet i ein artikkel om styrekuleerfaringar, for den som måtte vera interessert.)

Men i dag kom nyheita: Utviklinga av Speak Freely blir stoppa, og heimesida, diskusjonslistene, ekko- og telefonkatalogtenarane blir fjerna. Alt tenestene blir stengt 15. januar 2004, men utviklinga av programmet er allereie avslutta. Meir informasjon om grunnane til nedlegginga står for øvrig i den offisielle dødsmeldinga.

Programmet er gratis og på alle måtar fritt, og kan framleis distribuerast og brukast so mykje ein vil. Men det blir sjølvsagt noko upraktisk å bruka når telefonkatalogtenaren er lagt ned.

Eg har hatt mykje glede av Speak Freely. Eg vil sjølvsagt halda fram med å bruka programmet – det er fullt ut brukbart – men det hadde vore kjekt å fått sett nye funksjonar og forbetringar implementert. Det får me nok dessverre ikkje.

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

 

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med Movable Type 3.34. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.