20. september 2003 (oppdatert 25. august 2005)
Det er mulig å stadfesta bloggar, det vil seia å spesifisera kor dei geografisk held til. Då kan ein ved hjelp av følgjande to fine tenester finna ut kva bloggar(ar) som bur i nærleiken av deg:
For å stadfesta bloggen din, sånn at desse sidene finn han, treng du berre legga til følgjande linjer i head-blokka på forsida:
<meta name="ICBM" content="xx.xxxxx, xx.xxxxx" />
<meta name="geo.country" content="NO" />
<meta name="DC.title" content="Namnet på bloggen din" />
«xx.xxxxx» er her dei grafiske koordinatane i WGS84-systemet, «NO» er ISO-3166-1-landskoden for Norge, og «Namnet på bloggen din» skal vanligvis vera lik innhaldet i title-elementet på sida. Gå so til sidene ovanfor og bruk innmeldingsskjemaa.
Det er litt omfattande å finna nøyaktige koordinatar, men her følgjer ei komplett oppskrift. Me tar utgangspunkt i adressa «Drammensveien 1» i Oslo.
Først brukar me Statens kartverk si utmerka tenesta Norgesglasset.



Dei tre første tala (i vårt eksempel 59 grader, 55 minutt og 1,70068 sekund) er breiddegradane, mens dei tre neste (grader 10, 43 minutt og 38,48947 sekund) er lengdegradane, alle i WGS84-format-format. Me må gjera desse om til desimalformat, og brukar følgjande formel: gradar + minutt/60 + sekund/3600. Me får då koordinatane 59,91713908 og 10,72735819 (tala er eigentlig ikkje nøyaktige nok til at me treng ta med so mange desimalar, men det gjer uansett inga skada).
Me set no inn desse linjene i head-blokka (merk at desimalskiljeteiknet må her vera punktum, ikkje komma):
<meta name="ICBM" content="59.91713908, 10.72735819" />
<meta name="geo.country" content="NO" />
<meta name="DC.title" content="Kongehuset" />
På MapQuest kan me tasta inn koordinatane og sjekka at dei stemmer med kartet.
Viss alt er i orden kan me no melda bloggen til GeoURL og Blizg.
Av Leif Halvard Silli på 2004-02-19:
«Stadfesta» tyder til vanlegt «å bekrefta», dvs førevisa kvar nokot gjekk fyre seg (for å prova at det hev hendt). I staden hev me «heimfesta», som er å slå fast kvar nokot høyrer heime. Det er ikkje visst at nokon av desse ordlagi er dei rette her. Men av desse tvo hadde eg valt «heimfesta» sidan emnet her er å syna kvar noko er heimfest. (Du skal jo ikkje festa bloggen nokon stad — berre syna kvar han alt er fest.)
Av Karl Ove Hufthammer på 2004-02-27:
Eg var klar over dette når eg skreiv artikkelen, men syntest «stadfesta» var eit so fint og beskrivande ord, sjølv om ordboka var ueinig i tydinga.
Men når eg no slår opp på «heimefesta» i ordboka, er ein av forklaringane «stadfesta». So stadfesta er kanskje rett å bruka sånn likevel?
Av Leif Halvard Silli på 2004-03-01:
På sidemål hev dei «stedfeste», som du kunde ha nytta her, so vel som «stadfeste», som tyder det same som på hovudmål.
Det er eldes ikkje loggen men loggføraren/-føringi som skal heim(stad)festast. Loggen driv jo og sviv i kybersfærone, dvs gjerne ein stad i Sambandststatane. Dessutan: på kybernet kann ein nytta «falske» kjenne utan at ei heimfesting til Sotra difor gjer lesaren visare og vissare um kven elder at loggføraren er. Altso: loggheimfesting er ikkje stadfesting av upphavsmannen.
«Heimfesting» er vel ei anna slags stadfesting en «stadfesting». Stadfesting er å festa noko til eit visst punkt (gjerne eit vidt punkt, som ein heil by, t.d.) Heimfesting er å knyta noko til ei/ein viss verd/heim/samanhang. Inn imillom er det same ting.
Og vevloggheimfesting? Det høyrer vel til det å leggja ut bilæte og anna «heimekoslegt» som kann skapa samkjensla og samband med «mennesket attom» ...? Og då er det meir «heim/verd/samanheng» en «punkt» det gjeld, og det endå heimfestingi syner til eit visst punkt på eit kart! For di grannare du syner i kva seng du sev i, di meir vert det «hemmeleg» heimfesting og ikkje stadfesting.
Med dette er det vel klårt kva eg meiner. Men for nett «heimefesta» (med —e—) trur ikkje det er tvil um at det er det same som å halda fest heime. ;-) Eldes kann ein jo sjå på vevlogging i ser som ei einaste stor stadfesting av egoet åt loggføraren. ;-)
Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med Movable Type 3.34. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.