13. juni 2004 (oppdatert 25. august 2005)
I dag la eg ut ein ny omtale på nettstaden min Gratis kvalitetsdataspel. Spelet omtalt heiter The Apprentice, og er eit eventyrspel med magi og trolldom – iallfall litt.
Etter å ha levd som trollmannens læregut (i praksis hushjelp) i lengre tid, får du endelig sjansen til læra din første trylleformel. Du må berre få tak i alle dei nødvendige ingrediensane først. Dette er sjølvsagt lettare sagt enn gjort!
Til tross for eit uoriginalt plott, spelet er vel verdt å få med seg. Det er rett so forseggjort teknisk sett, og er både morosamt og underhaldande.
Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med Movable Type 3.34. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.