12. oktober 2004 (oppdatert 17. desember 2006)
12. oktober 2004 (Internett) –
New Breed Software
er stolte over å kunna melda årets første utgåve av
Tux Paint 0.9.14,
det kritikarroste teikneprogrammet
for barn. Dei siste ni månadene er det gjort mange forbetringar,
og komme til fleire nye funksjonar etterspurde av både lærarar og foreldre.
Tux Paint 0.9.14 har blant anna eit nytt oppsettverktøy, samt ein flott, ny fargeleggingsboksfunksjon. Og grunna det internasjonale utviklingslaget og fokuset er programmet no tilgjengeleg på heile 46 språk, inkludert nynorsk og bokmål.
Mac OS X- og Windows-brukarar vil setja pris på det nye
grafiske oppsettprogrammet som gjer det mogleg for foreldre
og lærarar å endra alle innstillingane utan å
måtta røra ei einaste oppsettfil for hand.
(Skjermbilete)
11 nye og til saman 46 språk er no støtta, og nesten alle dei
gamle omsetjingane er oppdaterte. Dei nye språka er afrikaans, kviterussisk, bretonsk, bulgarsk,
kroatisk, hindi, serbisk, slovensk, kinesisk (tradisjonell), vietnamesisk og walisisk.Ei fullstendig liste over endringane finn du i endringsloggane for Tux Paint og for stempelbileta.
Alle kan fritt lasta ned Tux Paint 0.9.14 frå nedlastingssida
http://www.tuxpaint.org/download/.
Her finn de installasjonsprogram og kjeldekode for Microsoft Windows og fleire Linux-distribusjonar.
Tux Paint er heilt gratis, og all kjeldekode, medfølgjande teikningar og hjelpetekstar ligg under ein fri open kjeldekode-lisens.
Tux Paint er utvikla på dugnad og med bidrag frå over 80 menneske frå alle kantar av verda. Sjå støttesida for å læra meir om korleis du eller verksemda di kan støtta utviklinga av Tux Paint.
Varemerker: Linux er eit registrert varemerke tilhøyrande Linus Torvalds. Apple og Mac OS X er registrerte varemerker tilhøyrande Apple Computer, Inc. Microsoft og Windows er registrerte varemerke tilhøyrande Microsoft Corp.
Pressemelding skriven av: William Kendrick
Omsett av: Karl Ove Hufthammer
|
Asia |
Nord-Amerika |
|
Sør-Amerika |
Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med Movable Type 3.34. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.