Ungen (den eldre)

30. mai 2004 (oppdatert 25. august 2005)

Eg har tidligare skrive om musikalfilmen Ungen frå 1974, ein veldig fin norsk film basert på Oskar Braatens skodespel. Og i kveld klokka 18:25 sender NRK2 filmen Ungen frå 1938.

Dette er so vidt eg har forstått ikkje ein musikal, men ein heilt vanlig spelefilm. Eg har ikkje sett han før, og gler meg veldig. Det er alltid kjekt å samanlikna forskjellige produksjonar av same historia. Kvar versjon tar med seg noko eige, og legg vekt på forskjellige ting, so me får sett det heile frå fleire sider.

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

 

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med Movable Type 3.34. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.