Ymse bloggindeksar

25. april 2003 (oppdatert 25. august 2005)

Når eg først begynte med blogging, var noko av det første eg gjorde å registrera bloggen i ymse søkemotoror. Då fann eg mange interessante bloggindeksar. Her er ei oversikt over nokre av desse:

Popdex, Blogdex og Daypop inneheld alle oversikt over dei mest populære sidene på Internett dei siste dagane, basert på lenkjer i bloggar. Daypop har òg oversikt over dei mest populære nyheitsartiklane, blogginnlegga, orda (!), bøkene, platene og filmane.

Me har òg nokre nettstadar som viser informasjon om bloggar, og koplingar mellom desse:

Technorati inneheld ein del av det same som nettstadane ovanfor (litt meir uoversiktlig presentert), men har òg ei oversikt over kva bloggar som har lenkjer til bloggen din. BlogStreet viser litt informasjon om bloggen din, samt ei interessant oversikt «nabolaget». Nabolaget er ikkje nødvendigvis bloggar som har lenkjer til deg; det kan òg vera folk som skriv om same eller liknande emne. Veldig interessant tenesta! Organica viser ei enkel oversikt over lenkjer frå og til forskjellige bloggar. Denne tenesta er under utvikling.

Me har to nettstadar som berre har ei oversikt over omtrent alle bloggar i verda:

Desse to nettstadane inneheld ei kontinuerlig oppdatert liste over blogginnlegg. Dei besøker ikkje bloggane sjølv; det er bloggane som må varsla dei ved kvar oppdatering. Støtte for dette er innebygd i fleire publiseringsverktøy. Databasane blir for øvrig òg brukt av andre sider som treng ei oversikt over bloggar i verda.

Til slutt har me to andre bloggtenester:

Blizg viser metadata om bloggar, og brukar dette til å finna bloggar som ligg nær kvarandre, enten geografisk eller emnemessig. Feedster er ein enkel søkemotor for bloggar og andre nettstadar med RSS-filer.

Dette var dei mest interessante bloggteneste eg har funne. Tips meg gjerne om fleire (bruk kommentarfunksjonen).

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

 

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med Movable Type 3.34. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.