Kategoriar: Ymse

Jul med Tux 2007 – 2007-12-09
Mark Riedesel har gjort det igjen! I år som i fjor, som i åra før, har han laga eit nytt, flott julebakgrunnsbilde med Tux, for alle oss Linux-entusiastar.
Styrekula Logitech TrackMan Marble+ – 2007-03-10
Musa er av dei mest brukte inneiningane for datamaskiner. Men denne gnagaren har ein interessant slektning, styrekula. I denne artikkelen fortel eg om mine erfaringar med ei Logitech TrackMan Marble+-styrekula – ei styrekula eg til slutt vart svært glad i.
Prikken over i-en – 2007-02-10
Ein hører gjerne folk uttala at noko vert «prikken over i-en», eller at ein har «gløymt å setta prikken over i-en». Dette kan oppfattast som feil, og her er grunnen.
Tankestrek eller bindestrek – 2007-01-20
Ein vanlig feil når det gjeld teiknsetting i norsk skrift er bruk av bindestrek i staden for tankestrek. Tankestreken har ein annan utsjånad og funksjon enn bindestreken, men likevel vert dei to ofte forveksla. I denne artikkelen vert utsjånad, bruk og tekniske problemstillingar diskutert.
Jul med Tux 2006 – 2006-12-01
Mark Riedesel har gjort det igjen! I år som i fjor har han laga eit nytt, flott julebakgrunnsbilde med Tux, for alle oss Linux-entusiastar.
Sauebilde – 2006-07-16
Eg kom over nokre skikkelig flotte, festlige sauebilde, i høg oppløysing, for bruk som bakgrunnsbilde.
Jul med Linux – 2005-12-18
No er det snart jul, og då passar det å sjå litt på nokre program og spel som set ein i skikkelig julestemning på Linux.
Jul med Tux 2005 – 2005-12-16
Mark Riedesel har gjort det igjen! Han har no laga eit nytt, flott julebakgrunnsbilde med Tux, for alle oss Linux-entusiastar.
Advent betyr … – 2005-12-04
Nei, ordet «advent» betyr ikkje ventetid.
Julekalendrar 2005 – 2005-12-01
Inga jul utan julekalendrar. Og her kan du til og med vinna flotte premiar!
Forskingsdagane 2005 – 2005-09-23
Endelig er det tid for forskingsdagane igjen! Gjennom over 1000 arrangement vert forskinga tatt ut av institusjonane og presentert til oss «vanlige folk».
Val – men kva meiner folket? – 2005-08-27
Det er snart val, og tid for folket å velja kven som skal styra landet. Men kva meiner eigentlig «folket»? Det er langt frå alltid like lett å finna ut av. Det er faktisk ikkje so enkelt å definera eingong.
Skrifthinting – 2005-07-24
Vising av skrift på dataskjermar er problematisk. I små skriftstorleikar vert nemlig teksten gjerne stygg og vanskelig å lesa. Heldigvis finst det ei god og mykje brukt løysing på problemet: hinting. Men kva er no hinting for noko?
Seroppgåva om Amalie Skram – 2005-07-23
Ei seroppgåva om Amalie Skram og naturalismen, skriven når eg gjekk på ungdomsskulen. Oppgåva er no tilgjengelig i forbetra språkdrakt, og i fine utskriftsversjonar. Og originalutgåva finst her òg.
E-postproblem og adresseinformasjon – 2005-07-19
Har du nylig sendt meg e-post du ikkje har fått svar på, send han på nytt. Og no kan du lasta ned det elektroniske visitt­kortet mitt.
Ein levande papirdrake, samt andre illusjonar og triks – 2005-03-20
Ein papirdrake som beveger hovudet av seg sjølv og følgjer deg med auga rundt i rommet? Ja, det finst faktisk! Skriv og klipp ut, lim saman og imponer venner og kjende. Her finn du òg anna utskrivbar moro til underhaldning i påska.
Typografisk håndbok – 2005-03-08
Typografisk håndbok er eit oppslagsverk og ei rettleiing i norsk typografi, skriven av Christer Hellmark. Boka kom opphavlig ut på svensk i 1991, men er no omsett og tilrettelagt til norsk. Innhaldsmessig er boka stort sett bra, men typografisk gjev ho litt blanda signal.
Valentinsdagen – 2005-02-14
I dag, 14. februar, er det valentinsdag, på riktig amerikansk maner. Men heldigvis har me norske namn på dagen.
Kvinnen i sjøen – som radiohørespel – 2005-01-08
NRK Radioteatret sender Raymond Chandlers krimklassikar som hørespel!
Rulett og myntkast i det lange løp – 2004-12-19
Ruletthjulet har landa på raud 5 gongar på rad. Kva satsar du på?
Julekalendrar 2004 – 2004-12-01
Inga jul utan julekalendrar. Og her kan du til og med vinna flotte premiar!
Korfor du ikkje skal bruka oppløysinga 1280 × 1024 – 2004-11-27
Brukar du skjermoppløysinga 1280 × 1024 bør du trulig slutta med det. Her er grunnen.
Forskingsdagane 2004 – 2004-09-17
Endelig er det tid for forskingsdagane igjen!
T-skjortebretting – 2004-08-23
Ein genial, kjapp og utrulig stilig måte å bretta T-skjorter på.
Og jula varer heilt til … – 2004-07-03
Jula kjem stadig tidligare, meinar handelsstanden. Men 3. juli må vel vera rekord?
Gamle flasker blir som nye – 2004-05-15
Korleis få gamle, brukte plastflasker reine og klåre.
Visumplikt – 2004-04-18
Det får då vera grenser for visumplikt!
Sugar – 2004-03-28
Eg har vore og sett musikalen Sugar her i Bergen. Og det var fryktelig kjekt!
Utrekning av z-verdiar med Casio-lommereknarar – 2004-03-14
Eit ekstremt kjapt, nøyaktig og lite program for utrekning av z-verdiar til standard normalfordelte variablar, laga for Casio-lommereknarar.
Don Giovanni i Bergen – 2004-03-12
I går var eg og såg Mozarts komiske opera Don Giovanni her i Grieghallen i Bergen.
Oppdatert om lagring av Internett-radio lokalt – 2004-02-15
Eg har oppdatert artikkelen om korleis ein kan lagra Internett-radio lokalt, heilt automatisk. Det nye systemet er mykje enklare å setta opp.
Tre julegåvetips – 2003-11-21
Eg har sett tilbake på året som har gått, og plukka ut tre tidligare omtalte ting her på bloggen som eignar seg utmerka til julegåver.
Tapt e-post – 2003-11-14
Av tekniske grunnar har eg ikkje mottatt noko e-post store delar av i dag (fredag).
Et dukkehjem – 2003-11-08
Eg har vore og sett Den national scenes oppsetting av Ibsens Et dukkehjem.
Den store søvnen – som radiohørespel – 2003-10-31
NRK Radioteatret sender Raymond Chandlers krimklassikar – no som hørespel!
R og emacs på Windows – 2003-10-31
Korleis få statistikkprogrammet R og skriveprogrammet emacs til å fungera saman på Windows.
Slutt på sommartid – 2003-10-26
Viss du ikkje har gløymt det, skal du no ha stilt klokka éin time tilbake, til vintertid.
Emballasjeopnarar – 2003-10-12
Eg føler eit sterkt hat til emballasjeprodusentar, spesielt til dei som lagar emballasje til CD-ar. Men det finst ei løysing.
Statistikkordlista – 2003-10-09
Eg har lagt ut ei kort engelsk–norsk statistikkordlista.
Dustefjerten og den store sommarferieturen – 2003-09-29
Rune Belsviks Dustefjerten og den store sommarferieturen går som opplesingsserie i Barnetimen denne veka, og nokre veker framover (med pausar innimellom).
Ludde – 2003-09-15
Føler du deg sinnsfrisk? For sinnsfrisk? NRKs dramaavdeling er då som som ofte før til hjelp.
Google-kalkulatoren – 2003-08-15
Søkemotoren Google har no fått ein innebygd kalkulator. Og han støttar ikkje so reint lite.
Ein god brødkniv – 2003-08-12
Eg har ein litt spesiell, men usedvanlig god og behagelig brødkniv.
Home – A Short History of an Idea – 2003-07-21
Eg har lesa boka Home – A Short History of an Idea.
Ein bil, to potteplanter og tre dører – 2003-07-17
Tenk deg at du har blit trekt ut til å delta i eit fjernsynsprogram, der du får sjansen til å vinna ein dyr, fin, raud bil.
Lotto og sannsynsrekning – 2003-07-15
Er alle lottorekker like sannsynlige? Svaret er ja, og denne artikkelen viser korfor, utan bruk av matematikk.
Oy – 2003-07-09
For dei som ikkje bur i nærleiken av ein Oy-butikk skal eg fortella litt om kva dette går ut på.
Detaljar om lagring av Internett-radio – 2003-07-02
Ei detaljert oppskrift på automatisert opptak og lagring av Internett-radio.
Lagring av Internett-radio lokalt – 2003-06-22
Korleis lagra direktesendt Internett-radio lokalt for seinare lytting.
NRK-radio over Internett – 2003-06-21
Hør NRK-radio over Internett med god lydkvalitet.
Organdonasjon – 2003-06-18
Når du dør treng du ikkje organa dine lenger. Men det gjer andre.
Teksttolking – 2003-06-02
I dag står teksttolking på programmet.
Nedetid og manglande blogging – 2003-05-27
Grunna krasj og eksamenslesing har det blitt lite blogging i det siste.
Google Alert – 2003-05-21
Google Alert er ei tenesta som sender deg e-post når Google har indeksert nye sider som inneheld dine søkeuttrykk.
Ostesmørbrød – 2003-05-19
Ostesmørbrød med mais og basilikum er heilt nam-nam.
Nasjonalsongen – 2003-05-16
Eg har fått ein kommentar på at eg er for positiv til tinga eg skriv om. For å gjera alle fornøgde skal eg derfor denne gongen ta for meg noko fryktelig negativt.
Erosjon og helseråd – 2003-05-14
Tannerosjon er syreskadar på tannemaljen. Eg fann ein interessant artikkel om nettopp dette.
Realfaglige referanseark – 2003-05-12
No er det eksamenstid, og då er det greitt å ha nokre referanseark som oppsummerer pensum. Her finn du referanseark for realfag.
Ulovlig e-postreklame – 2003-05-08
Eg har mottatt ulovlig e-postreklame, og har klaga. I dag fekk eg svar.
I blanke messingen – 2003-05-07
Eg har vore og sett sceneversjonen av I blanke messingen. Det var kjempekjekt!
Interrobang – 2003-04-29
Interrobangen er eit undervurdert og flott skiljeteikn.
Norsk forsking på spam – 2003-04-25
Gisle Hannemyr prøver å kartlegga kor spammarar får adressene sine frå.
Sjølvmelding eller selvangivelse – eit vondt møte med moderne teknologi – 2003-04-23
Eg leverte sjølvmeldinga over mobiltelefon, og fekk kvittering på bokmål!
Siste nytt på éin plass – 2003-04-10
Mylder er ein nettstad som samlar alle dei siste nyheitene på éi sida. Veldig praktisk!

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med Movable Type 3.34. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.