Ein god brødkniv

12. august 2003 (oppdatert 25. august 2005)

For rundt halvanna år sidan kjøpte eg meg ein brødkniv – ein OXO GOOD GRIPS Natural Grip Bread Knife. Det var ein av dei beste investeringane eg har gjort.

Denne brødkniven har ikkje eit handtak som går rett ut, som andre knivar, men eit som bøyar seg opp og fram, som på ei sag. Det gjer at han er mykje meir behagelig å halda og å bruka, nokoer blir mint på kvar gong eg er hos andre, og skal skjera brød. Vanlige brødknivar er rett og slett fryktelig ubehagelig å bruka, og ikkje godt tilpassa oss menneske.

Ein må kanskje ha prøvd ein sånn kniv for å forstå kor dårlig dei andre er. Gjer det. Eg reknar med du aldri vil gå tilbake til vanlige brødknivar etterpå!.

Godt ergonomisk utforma produkt er noko eg set stor pris på, og no er eg på jakt etter ein ostehøvel med «ståhandtak». Eg har sett på Internett at det finst fleire sånne, men dei er tilsynelatande umulig å få tak i i Norge.

Bildet er for øvrig tatt frå heimesida til OXO. Eg reknar med dei ikkje har noko imot det.

Kommentarar

Av Arve Bersvendsen på 2003-08-12:

Joda, for all del – slike brødkniver kan være riktig så behagelige (og jeg har brukt en kniv som er svært lik den OXO-en du nevner), men rent personlig liker jeg fortsatt «vanlige» kniver best.

Det som er viktigst med enhver kniv er og forblir kvaliteten på selve knivbladet. Der har dessverre nordmenn en tendens til å velge 49-kroners supermarkedkniver som gjør all kutting til en ubehagelig affære.

Av Øyvind Hoven Oftedal på 2003-08-12:

Bestemora mi har leddgikt, og fekk derfor ein ostehøvel med «ståande» handtak frå Hjelpemiddelsentralen for nokre år sidan. Denne høvelen er veldig grei å bruka. Korleis ein får tak i ein slik på vanleg måte, veit eg derimot ikkje.

Av Lasse G. Dahl på 2003-08-13:

Prøvd Google?

http://www.mamut.com/sgHELSE/subdet22.htm

Av Karl Ove Hufthammer på 2003-08-13:

Ja, eg har sett den sida. Men etter det eg kan sjå sel dei ikkje direkte til forbrukarar (det står heller ingen pris på bestillingsskjemaet).

Elles synest eg faktisk ikkje det handtaket ser so godt uforma ut. Nei, favoritten til no er av typen «Easi-Grip». Du finn bilde på:

http://www.lifewithease.com/peta.html
og
http://www.westonshealth.co.uk/acatalog/info_AA5225.html

Ei løysing er å kjøpa produktet over Internett. So lenge verdien er under 200 kroner slepp eg toll og sånt. Fleire nettbutikkar eg har sjekka sender ikkje utanfor USA, men no ser eg at produsenten Peta sender til Europa. Norge står ikkje på lista over land, men eg skal prøva å ta kontakt med dei.

Av Karl Ove Hufthammer på 2003-08-14:

Eg tok kontakt, og no kan dei senda til Norge òg. Ostehøvel er bestilt. Eg kan knapt styra meg!

Av Lasse G. Dahl på 2003-08-15:

Gratulerer! Ditt faste publikum forventer en omfattende og inngående produkttest når høvelen høvler i vei ved frokostbordet ditt.

Av Karl Ove Hufthammer på 2003-08-15:

Sjølvsagt vil eg blogga om det når eg får høvelen. Kan ikkje skuffa mitt faste publikum!

Av Jesro Christoffer Cena på 2003-08-15:

Hugsar ergonomiske brødknivar og ostehøvlar frå mi tid som sjukepleiarstudent. No manglar du berre ei slik klype til å plukke opp ting frå golvet med, utan å måtte bøye deg. I tilfelle ei brød- eller osteskive fell av kjøkkenbenken ;)

Av Karl Ove Hufthammer på 2003-08-15:

Hrmf! No gjer du narr, Chris. ☺

Av Vegard A. Johansen på 2003-08-21:

Si ikke det. I et kollektiv jeg bodde i hadde vi en sånn klipe («the gripstick», som vi så snedig kalte den!), og den har jeg savnet siden den dag vi flyttet ut!

Uunnværlig for å plage andre, gi ting over bordet, plukke opp ting fra bord og gulv med mere. Og alt dette uten å måtte rikke seg en milimeter fra sofakroken :)

Av Åsmund Skjæveland på 2003-08-31:

Eg har ein slik sag. (Eg meiner at det er ei sag, ikkje ein kniv.) Veldig fin. Eg kjøpte henne på Stensbak Megastore i Torggata i Oslo for tre år sidan eller så. Ho kosta under to hundre, meiner eg. Eg kjøpte henne fordi foreldra mine har ei liknande sag som Til Bords har ført, og ei slik brødsag er absolutt overlegen ein brødkniv.

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

 

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med Movable Type 3.34. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.